Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Glade jul/ ctrl-alt-delete

 

« Jula er ei god tid, dersom tida er god», høyrde eg sitert i eit fjernsynsprogram.
Og i dag i Bergens Tidende, ein artikkel om ei ung mor som vert ramma av hjerneslag; « eg følte at livet hadde servert meg eit synkehol».

«Glade jul» skrik eg frå mitt « synkehol».

«Glade, glade jul»
Den som er god dersom tida er god.

Mi tid er ikkje god.
Eg trur vi er mange som ikkje har ei god tid, men eg veit berre korleis mi er. Difor er det meg eg skriv om. Mi tid er ikkje god.

«Eit synkehol», tenkjer eg.
Ein flott metafor på korleis det kan følast å møta alle desse veggane.
Dersom synkeholet hadde verka slik dei vi har lest om i Amerika tildømes. Der heile hus og det i ein radius rundt berre forsvinn ut, eller ned i mørket, for aldri å verta synleg igjen.
Slukt av jordas indre. Heilt utan håp.

Eit synkehol rammar utan varsel. Utan at eg veit så mykje om dette, så kan det vel henda geologisk gransking kan forutsjå kor det er truleg at dette fenomenet kan oppstå.

Psykologisk gransking og erfaring hadde nok lett forutsett at eg var/ er i fare for å verta ramma av synkehol. Pr. i dag veit dei. Eg veit eg er født ein del år for tidleg til at den kunnskapen var kjent.
Det i ein kombo med menneskets evne til å tilpassa seg er vel truleg årsak til at synkeholet ikkje kom i vegen.
Det verkar ei stund dette forsvaret, som eg tenkjer kan få namnet fr. Ambivalens og herr. Did. Men berre ei stund. Kor lang ei stund er, det er jammen ikkje godt å vite. Lang nok, eller alt for lenge? Kven veit? Fr. Ambivalens vert også sliten. Dausliten.

Eg får klara meg med den hola eg held på å grave. Ei virtuell hole, der opningen i starten var ganske stor, men hola vert smalare og smalare jo meire krefter eg bruker på å grava meg nedover.
Ei grapse for mismot, ei ny for å føle seg avvist, ei tredje for å ikkje meistra , ei fjerde for triggarane som er der i hopetal. Sånn grev eg meg djupare og djupare ned.

Etter alle desse åra med motbakkekjensler er ikkje radiusen rundt meg så særleg mykje å skryte av.
Undrast kva som blir den dagen eg ikkje har fleire krefter. Den dagen det er tomt, heilt tomt og heilt svart. Kva då?

 

«Glade jul, heilage jul
Englar kjem frå Guds kongestol,
blomar ber dei frå paradis,
fint og fagert dei syng Guds pris.
Løynleg ikring oss dei går.
Løynleg ikring oss dei går».
 

Kommentarer er stengt.

Bak fasaden - Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten Besshø

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere like this: