
Etter 17.mai kjem alltid den 18.
Det er ingen ord som er store nok,
som lagar nok lyd,
eller som uttrykker nok smerte.
Det er ikkje råd å finna dei orda,
dei som eg leiter etter.
Kvar dag leitar eg,
uten å finne.
Stundom tenker eg at det kanskje ville vore lettare , –
om eg klarte finna desse orda,
dei som eg trur er dei rette,
men eg er slett ikkje sikker.
Ein, to, tre,-
Fyrste veg til høgre,
dump… så er det slutt.
Heilt mørkt,- og heilt slutt.
Kjære vesle jenta mi.
Det er snart årsdagen, då livet ditt brått og brutalt blei teke i frå deg, og du i frå meg.
Eg var der;
likevel veit eg ikkje kva som hende.
Det maktar ikkje tankane mine å henta fram.
Eg veit berre det nokon har fortalt meg ,- i ettertid.
Men eg hugsar alt det vonde etterpå.
Alle lukter,
lyder,
maktesløyse,
tårer,
og alle dei som sa dei visste korleis det var å mista eit barn.
Korleis vågde dei?
Korleis kunne dei?
For kva visste vel dei?
Fortsatt leiter eg etter orda.
Dei eg treng for å skjønne,-
at det var slik det skulle bli.
En sorg som aldri slutter ❤