
Ventetid
Det digitale brevet kom fyrst.
Lyden av Mail i innboxen på den smarte telefonen fanga merksemda mi.
Eg las, og det kjendes ut som om ein bunn i meg løsna, og datt ut.
Han skrapte opp kjenslene på vegen mot overflata som nett då var på bunnen. Som ei katteklo som vil leika, jobba han seg nedover. Mot avgrunnen.
Leika med hjarta mitt,
kasta ball med det,
fanga det med dei sylskarpe klørne,
og sende det tilbake inn i kjenslehavet mitt.
Eit stort svart hol, som favner desse kjenslene ein ikkje heilt veit kva ein skal gjera med. Dei som gjer vondt, og som blør. Dei eg ikkje vil møta.
Dei krangler no, dei som er meg.
Ein er redd, livredd.
Ein tøffar seg, tek på den raude buksa ho trur vernar og sei, bryr eg meg då?
Den tredje tenker at dette var jammen meg lageleg, dette kan eg lika. Alt ordnar seg!
Så er det berre å venta då, venta på det endelege svaret. Då kan eg uansett sei;
«Var det ikkje det eg sa, eg visste det nok».
I mellomtida leikar dei sylskarpe katteklørne med hjarta mitt.
- Publisert i: BEHANDLING ♦ Håp ♦ LIVET
- Tagget:vevsprøve