Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Modus grått

Eg skulle ynskja eg var ein robot. 

Ei kjenslelaus maskin,

Med knappar eg kunne trykka på.

Ein svart knapp,  og ein kvit og så absolutt ein som kunne setta meg i modus grå! 

Kven er eg, 

Som skriv dette. 

Eg er 59 år gammal. 

Kone med grått hår som eg har farga brunt.

Fargar fordi eg ikkje vil sjå ut som eg er 59 år gammal, snart 60.

Ikkje fordi eg ikkje vil være gammal, men fordi kjenslene mine så ofte berre er som dei du finn hos eit barn, eller ein tenåring, eller ein ung vaksen. 

Likevel lyg ikkje etterveksten.

Han sei eg har levd lenge. Lenge nok til å sei at eg er 59 og snart blir 60.

Ansiktet mitt er stripete. 

Rynkene er også bevis. 

Bevis på at åra har gått. 

Er det nokon som ynskjer vite kven eg er? Og er det nokon eg kan våge fortelje, eller vise,  kven eg er? 

«Du forstår, ein treng være litt opplagt for å ta kontakt med deg! 

Du forstår sant?»

Jaudå, eg forsto , og eg gret. 

Gret heilt utan tårer, fordi eg ikkje kunne vise kjensler. 

Kjenslene kjem om natta.

Når søvnen er fråverande, då tek lett kjenslene over. 

Dei kjenslene eg ikkje vågar å vise til andre, fordi eg ikkje veit om dei er opplagte nok, eller førebudd, eller mest av alt, ynskjer vite kven eg er.

Forresten, eg har slutta å farga håret. Gidd ikkje meir, fordi etterveksten blir kvitare og kvitare. 

No er det berre kvitt,

eller grått om du vil. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: