Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Ei kvardagshandling med c-ptsd i ryggsekken.

IMG_4400  «Kjør for faen», høyre eg ei stemme brøle ut bak meg i vogna. Bybanevogna.

Eg vil snu meg, sjå kva som skjer. 

Kven som laga denne lyden. 

Men kroppen let meg ikkje få snu meg. Kulda eg kjenner held meg fast til setet eg sit på. 

«For faen då, går det ikkje å få denne vogna i fart?»  På ny rungar stemma. Eg trur det må være ein gut. Ein mann kanskje. 

Ingen av menneska rundt meg reagerer. Ikkje det eg kan sjå iallfall. Og det er nok best. Ein reaksjon kan provosera, tenkjer eg. Ein provokasjon no kan være farlig, tenkjer eg vidare. 

Det er farlig!

Så klare eg sleppa opp blikket mitt ein ørliten smule. Er det ledige seter litt lengre framme i vogna? Men då blir eg sitjande slik at eg vil sjå rett på . Kanskje til og med få augnekontakt. Det kan iallfall  provosera, tenkjer eg. 

Brått trur eg eg kan merka at kloa som held meg fast i freeze har slept litt på taket sitt. Eg trur eg kan springa. Gå om ikkje anna. Om eg torer. 

Men kor? Eg er innelukka i ei bybanevogn. Ein hermetikkboks. Frykta og angsten bit seg fast igjen, og beina let seg ikkje flytta på. 

Eg prøver finna pulsen min. Telje. Være opptatt med noko. Det går ikkje. Eg finn ikkje noko puls, tenkjer eg samstundes som eg høyrer på brølinga og alle skjellsord som blir  spydd ut meg like der bak. 

«Kanskje han går av på neste stopp», tenkjer eg. Samtidig prøver eg å sjå på mannen som sit ved sida mi. Er han ein tøff type som kan redda vesle meg dersom noko skjer? Han som sit i mot meg har steinandlet. Han er ung. Men han kan jo være tøff for det om. Han smilte til meg då han kom inn på bana. Han er nok ein grei fyr. Han beskytte meg nok, tenkjer eg og kjenner på dødsangst. Det er ikkje lengre eit om noko skjer som herjer kroppen min. No er det når!

Brølapa  heldt fram med sine «obskøne» beskrivelser av den som er bybanefører. 

Eg vurderer seriøst om eg skal gå av på neste stopp. Ser på klokka og vurderer at då kan eg bli for sein til avtalen min. Og uansett vil eg ikkje våge eller klare komme meg opp og vekk frå setet mitt nett no. Eg er atthalden av ei iskald svær klo. Freeze.

«Neste stopp Kronstad», sei den smørblide dama i høgtalaren på bybana etter ein liten munter trudelutt. 

Brølapa kjem alt anna enn lydlaust framover i vogna, og stiller seg framfor utgangsdøra. Kloss inn til. Kjeftar, og går ut. 

Eg kjenner på ei eskalerende og heilt ufornuftig angstkjensle i det eg slappar bittelitt av. 

Guten mitt i mot meg smiler, eit letta smil kanskje?

Kanskje han også syns dette var ubehagelig?

Så starta kampen, mot eller med eigne kjensler.

I det guten går av bana, 

har kampen starta. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: