Deale med depresjonen
Kan vi gjera ein deal
du og eg?
Om du sluttar å «kline» på med det svarteste svarte kolet,
heile tida,
Så skal eg dansa for deg.
Den dansen som berre eg kan.
Som ingen andre veit om.
Min livsdans.
Min dans.
Men då lyt du legga vekk det kolsvarte.
Det heldt meg fast skjønar du vel,
Skremmande og vondt.
Så fast
at fotfeste slepp,
– og forsvinn.
Tek du imot meg
og dansen min ?
Kan det væra ein deal?
- Publisert i: Uncategorized
Ein sånn deal vil æ å ha ❤️
Sier det igjen: du skriver så bra, det er så fortellende og beskrivende med så få ord
– takk!
Takk ❤️
Vondt og vakkert kjære deg.
Tusen takk for at du leser 💜