
Kime til innsikt
Eg dreg fram,
Den eine haugen etter den andre.
Bukser,
gensere,
bluser,
kjoler,
kåper.
Mange bukser og mange gensere.
Så mange at eg vel å ikkje telje dei.
Sumarsklede,
vinterklede,
lyse og mørke.
Fargerike, blomar og striper.
Endå fleire.
Grå og svarte.
Mange av kleda har merkelappen hengande.
Dei blei aldri passande.
Det blei aldri slik eg tenkte.
Aldri slik eg håpa.
Berre den korte stunda eg var i butikken,
og mest truleg ikkje turde prøva plagget eg sto med i handa.
Berre den korte stunda av tomme tankar.
Fri frå alt.
Rusa på lukka over å våga.
Så ein pose med på armen
som eg med møysommelig hand fekk gøymt vekk slik at ingen såg.
Eg hugsar han som gøymde spritflaskene sine,
På do, i vedstabelen, bakom sofaen, mellom mjølsekkane.
Han som alltid var på leit.
Han eg gøymde meg for.
- Publisert i: angst ♦ DEPRESJON ♦ LIVET ♦ PTSD ♦ Uncategorized
- Tagget:Periodedranker, Rydde, shoppoholic