Kvardagsord

kverne, kverne kvardagsord.
Store,
små,
korte og lange
Innfløkte og tomme,
Papirord.
Ord og bokstavar som tek kvelertak
dersom dei ikkje vert temma.
Gleda over orda forsvinn
i kaoset
av bokstavar
som ikkje let seg samla ,
Eg prøver å forma dei,
Set ein bokstav ned på papiret
Med forføriske røyrsler
formar eg dei.
S- Å-R-T….
ein etter ein
kjem dei smygande.
Så ynskjer eg å sjå kva dei vil sei.
Dei er lågmælte i dag,
korte og butte i kantane
Sjølv om dei sprikar i alle retningar.
Men dei er der og let seg forma,
i dag også…
- Publisert i: DEPRESJON ♦ Håp ♦ LIVET ♦ PTSD ♦ Uncategorized
Du skriver så fint at det gjør godt å lese. Selv når det er sårt.
Takk fine deg!