
Mitt rom
roennaugrevheim ♦ 18. mars 2015 ♦ 2 kommentarer
Eg samlar føtene
og jobbar meg fram
til støtta eg får frå tær
og ytre fotboge.
Så tenkjer eg meg
os navicularis
som det naturlege midtpunkt.
Eg bøyer meg fram,
tilbake,- og fram igjen.
Leitar fram balansen.
Noko imaginært
har teke tak i håret mitt
og løfter meg mot høgder
eg knapt kan ane.
Den rette ryggen
gjev meg styrke
til å rette blikket
rett fram.
Så peikar eg
med dei samla føtene mine
mot venstre.
Føtene mine
som har forma til ein pilspiss
slik eg har plassert dei no.
Så skil eg dei
slik at dei peikar i kvar sin retning.
To pilspissar.
Ein peikar mot vest
og den andre mot aust.
Ved å bøye knærne
leitar eg fram nok støtte
til å bevege meg.
Slik kan eg flytte tyngden
frå den venstre
til den høgre foten,
og tilbake,
– i ein javn straum.
Ein djup mmmm lyd
frå djupt i meg
vert kobla på,
og krafta
vert endå tydlegare forankra.
Gjennom fundamentet mitt
som er kroppen
let eg krafta mi forankrast
ved hjelp av tyngdekrafta,
Og med dei lett bøygde knærne
finn eg balansen.
Skapar eg rommet mitt
som eg treng
for å være i meg sjølv.
I balansen
skapar eg mitt eige rom,
dette rommet
som det er eg som inviterer til.
Det passar ikkje i dag,
Eg er oppteken,
men i morgon klokka sju,
då kan du prøve igjen.
- Publisert i: BEHANDLING ♦ LIVET
- Tagget:behandling, dissosieringslidelse, kompleks PTSD, Psykomotorisk fysioterapi
Perfekt, Rønnaug! 🙂
takk!