Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Ta kontrollen tilbake, ein lang prosess

Du veit, den dagen du kjenner på at du burde klare, og burde forstå, og burde burde det meste,- så blir alt meire likt det kaoset som vi som bur i Bergen ser ute på veien i dag.

Eller når ”Nina” tok tak i det meste av tak på huset vårt og trær og busker ikkje klarte halda seg oppreiste lengre.

Det er litt slik dag i dag,- og eg kjenner eg treng skriva litt på bloggen min igjen. Ikkje fordi eg må eller burde, men fordi det kjennes rett.

Eg driv og tek tilbake kontroll over kroppen min eg no. Eg likar å tru på at det er det eg gjer i alle fall. At eg brukar tid og krefter på akkurat dette,- ta tilbake noko som er blitt teke i frå meg. Eg prøver å få dei ulike delane eg kjempar med, og enda oftare kjempar i mot, til betre å samarbeide. Armar og bein treng det, dersom eg skal finne balansen eg treng for å være.

Det er ofte ein krevande disiplin dette, for oss med dissosieringsliding og ptsd.

”Lidinga” ligg der og uroar, mest heile tida. Likevel så tenkjer eg det går fint,- eg likar å kjenne at kroppen spelar litt meir på lag igjen med meg, utan at ”mismotet” og kjensla av å ikkje strekke til skal koma.

Eg trives med å kjenne at kroppen min er sliten. At musklane verker sånn nett passe etter ei treningsøkt.

Eg likar å kjenne at eg meistrar og at eg klarer. Kven gjer ikkje det? Så kjem ”det” likevel,- dette ”mismotet” eg så veldig gjerne ikkje ynskjer å veta av. Det kjem, og lagar dårlege vibrasjonar mellom meg og det eg treng kjenne på av gode kjensler, for at eg skal klare å fortsetje. ”Det” kjem og lagar bråk for meg og det eg ynskjer å få til,- og eg likar det ikkje.

Eg likar det ikkje fordi ”det” fortel meg at det er ”det” som ynskjer å ha kontroll over meg.

Men eg vil ikkje være i denne kloa av vonde og vanskelege kjensler. Kven vil vel det?

Så til deg ,- ”mismotet” mitt, du treng ikkje tru at det er her du skal væra så veldig lenge denne gongen.

Eg vil ikkje la deg finna ro til det. Det passar nemleg ikkje,- Ikkje no…

Det er min kontroll som gjeld,- ikkje ”din”….

…og ute snør det trollkjerringar.

Advertisements

2 kommentarer

  1. Å ,som jeg forstår teksten din. Godt beskrevet om strevet vi sliter med når de vanskelige, dumme, ubegripelige tankene og følelsene kommer. Hvorfor kommer de når vi egentlig har det bra? Godt å kjenne at kroppen fungerer og at vi kan føle. Ha en fin dag videre

  2. Du skriver så fint! Håper du snart tar over kontrollen igjen. 😊

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Bak fasaden - Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten Besshø

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

mettemia

Mammablogg om Adopsjon, Touretts og Adhd.........med hverdags briller på. Litt om urter, ugress og omsorgsfull mat

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggers like this: