
Slepp taket…
Slepp taket.
Slepp taket….lat det være det som er.
Lat det koma det som kjem.
Kjenn etter om du finn balansen.
At han er god å væra i.
Slepp berre taket ei lita stund, slik at du også kan erfare at det ikkje er farleg å balansera.
Slepp taket ,- og kjenn at livet kan være godt å være i,-
sjølv om ryggsekken du bær på er så alt for tung.
Slepp taket, – og kjenn at du er deg.
Ryggsekken med alle blylodda er der og føl deg, men han er ikkje deg.
Slepp taket.
Kanskje det kan væra trygt å sleppa no?
Litt og litt.
Berre bittelitt,- nett nok til at du kjenner at det ikkje er farleg å sleppa opp.
Slepp taket,
du veit du kan ,
berre det er trygt nok i deg og rundt deg.
Slepp taket og kjenn at balansen er der med deg og for deg.
Du treng han no.
Berre kjenn.
Du kjenner det når du er klar.
- Publisert i: DEPRESJON ♦ Håp ♦ LIVET
- Tagget:balanse, depresjon, kompleks PTSD, Psykomotorisk fysioterapi
Ja ! 🌱 Så fint, så viktig – – og med håp….. 🌿 🌺
Ryggsekken er for tung, men den er ikke deg …
Trygt nok… Slepp – og kjenn .
Klem ❤️