Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

«Det er svart november»

”Det er svart november”, slik Kolbein Falkeid seier det så vakkert i ein av tekstane sine, verkeleg svart, vått, kaldt og surt.

Paradoksalt nok dukkar det likevel stadig vekk opp bilete av blomar som ikkje heilt har fått med seg at det er vinter, mørkt og kaldt. Dei strålar mot oss, betingelseslaust. I alle fall gjer dei det til oss som lett går med duka nakke når vi er ute.

Ein forvirra løvetann og ein døgnvill stemorsblome. Eg har sett dei, men dei får no berre halde på med denne blominga si. Eg veit ikkje om eg orka forhalde meg til det.

Eller, er det nett det eg gjer?

Det skjer så mykje i livet mitt nett no. Ikkje slike ting som du og dei andre kan sjå,- men slike ting som gjer at eg er, om mogeleg, bittelitt takknemleg for at eg enno klare det å dissosiere. Det er tøffe tak i timane hos psykolog og i timane hos fysioterapeuten. Det heng jo gjerne i hop det. Desse kroppslege innskripsjonane som kjem til overflata er smertefulle. Ikkje berre mellom øyra, men dei riv og slit i kvar einaste liten fiber i kroppen. Dei er ivrige og nokre stabeist utan sidestykke.

Så då er eg takksam for evna til å dissosiere. Slik at eg kan smila til kvardagen, nett slik denne forvirra løvetannen gjer,- eller den døgnville stemorsblomen. For dei av oss som klara å få auge på dei. Det er det som på underleg vis hjelper meg til å halde ut dagane. Evna til å flykte.

Trass dette så strevar eg med å få struktur på dagen min. Ein struktur som også kan hjelpe meg til å halde ut. Ein struktur som forpliktar. Ein struktur som også hjelper meg til å sette grenser og å skjerma meg sjølv. Ein struktur for å klare å halde ut, trur eg.

Nett no, når eg skriv dette tenker eg på treninga som eg har starta opp med. Den får meg til å komma meg ut tre morgonar kvar veke, enten eg har sove eller ikkje om natta. Fordi eg har ein avtale med den flottaste og finaste og superflinke jenta eg har møtt på lenge. Ho ventar på meg. Ho ser meg og ho ber meg løfte blikket.

Nett no er eg så glad for Torill på Flyt treninga som har klart å få meg i gong. Fordi ho, saman med fysioterapeuten og behandlar har vorte ein del av kvardagen min som skal væra med på å dra meg gjennom denne kneika også.

IMG_0518

4 kommentarer

  1. Sol

    🌸 🌻

    • hvordan kan jeg gi deg en blomst tilbake? 😉

  2. Ann Kristin Krogsæter

    en tankeblomst med tusen takk til deg 🌼

    • Søte deg, en tankeblomst tilbake til deg:)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: