Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Eg veit ikkje kva eg skal seia…

Eg skriv lite for tida.

Orda er der nok, men eg vil ikkje bruka dei.

Vågar ikkje,- fordi  dei trugar meg.

Dei gode orda, og dei som ikkje er så gode.

 

Eg skulle så inderleg ynskje at eg kunne skrive om kjekke turar og gode samtalar. Fine blomar og høge fjelltoppar. Dei gode stundene, som også er der,- men som  korkje tek eller får stor nok plass.

Det er så vanskeleg å gje det gode plass når så mykje ilt står i vegen.

Selvfølgelig kunne eg gjort det,- late som .

Nett det har eg veldig god trening i å gjera,- late som om…

det er berre det at eg blir så sliten. Då er det betre å gøyma seg…

 

Eg vil ikkje bruke dei orda som fortel korleis eg eigentleg har det.

Fordi eg skammar meg over at det er slik det er, og fordi eg vil stola på at det eg deler vert møtt med klokskap og varsemd. Eg treng det, fordi eigeverdet mitt er så skada.

 

Det kan kjennast godt, å få hjelp hos dei som veit mykje,-  til å skjøna at skamma og sjølvforakta også er ei skjerming. Ei skjerming eg treng ,- også frå det eg gjerne fryktar for aller mest.

Skjerming for minna som er der og riv i kvar einaste liten muskelfiber. Ikkje heile tida,- men stundom føles det slik likevel. Det vert gjerne slik når ein går i terapi.

 

Eg set opp denne skjerminga no eg,  for kva som kan koma til å skje dersom eg syner korleis livet mitt faktisk har vorte fordi eg må bæra på så alt for tunge bører.

Kven ville då væra der?

For meg?

Med meg?

På veg opp eller ned? kven kan hjelpa med å dra?

På veg opp eller ned? kven kan hjelpa med å dra?

 

7 kommentarer

  1. Leser og forstår på mitt vis. Sender varme tanker til deg –

    • og det setter jeg pris på, hver på sitt vis:)

  2. Hilde

    *Eg vil ikkje bruke dei orda som fortel korleis eg eigentleg har det.* Dette kjenner jeg så inderlig vel. Skulle ønske jeg hadde ord som kunne hjelpe noe, men er det noen ord som kan det? Jeg har dem ikke men sender deg trøstende tanker.

    • Tusen takk. Eg er der no,- at eg ikkje vil og vil på ein måte,- fordi eg forstår at andre treng ord for å forstå,- men eg våge ikkje å tru på at eg blir forstått…om du forstår??

  3. Sol

    ❤️💚

    • du e blitt så avansert med ikonbruken din Sol 🙂

  4. Hilde

    Forstår så inderlig vel

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: