
orda sit fast i ei melankolsk boble
Eg treng øva meg litt ,
øva meg på å finna orda.
Dei rette orda.
Dei som klarar formidla,
at det stundom er så vanskeleg å finna ,-
dei som fortel,
eller utrykkjer om du vil,-
korleis det er å være usikker,
og kanskje til og med redd for at det er dei feile orda som kjem fram.
Som blir skrive eller sagt.
Slik kan det kjennast,
når eg blir værande i mi eiga melankolske boble, og vel å ikkje bruka ord,
fordi det vert for skummelt.
Men eg skal prøve å øva meg ,
litt til,-
Så får eg det nok til eingong,-
Trur eg.
Godt skrevet ❤
Tusen takk, for kommentar og hjerte!