Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Katten og musen, ti tusen!

Far min var ein utruleg leken mann. Han elska å erta og få andre til å le. Han elska å fortelja løgne historier , der noko var verkleg og det meste berre tøys. Han kunne å legga på slik at historien fekk oss til å le, godt og inderleg. Ein fantastisk mann, som dessverre døydde så altfor tidleg.

 

Eg blei minna på pappen i dag då eg var så heldig å få væra med barnebarnet på hans fyrste skuledag. Det er lenge sidan eg kjende på så mykje følelsar som då eg sto der og høyrde navnet hans blei lese opp. Med like mange bevegelser, steig han fram for å helsa på lærar og fadder. Så står han der, framfør alle dei andre elevane , foreldre og alle lærarane. – Og ei bestemor. Den eine bestemora var nok sikkert også den einaste som måtte tørke ei tåre. ”Hei bestemor” jubla han, og vifta med armen ut i den store salen , då han såg meg,- heilt fri for sjenanse. Herlege guten min. Godt han ikkje såg tåra mi, då hadde han nok med høg stemme spurt: ”Koffor grin du bestemor?”

 

Pappen kom eg på, då eine kontaktlæraren leste ein historie. Ei las, medan den andre teikna på tavla. Alle ungane sat musestille og høyrde ho fortelja. ”Kva blei dette til ?”, spør læraren. ”Ein katt”, ropar dei i kor.

 

Denne historien om dei som bygde seg eit dobbelthus, med vindauge og skorstein og halm på trappa, før dei gjekk ut for å finna vatn i bekken, fortalte og teikna pappen mange gongar. Flink til å fortelja og endå flinkare til å teikna, syns me som høyrde på. Mamma til førsteklassingen huska også godt bestefar si kattefortelling.

 

Med emosjonane litt sånn lett tilgjengelige, og pappen i friskt minne som følge av ei katteteikning, køyrer eg dei 5 mila tilbake til huset mitt.

Vel heime tenkte eg at eg burde rydda litt, så eg slengde vekk dørmatta og starta med å kosta vekk alle dei visne blomane som sterke vindar den siste tida har drege utover.

 

Medan eg kostar på trappa , let eg dørene står opne. Makeleg som eg er, og avhengig av fb kamuflert som ”ho som treng kvile”, slenger eg meg ned på plassen min i sofaen ein augneblink. Eg e då nesten hundre år, som ho sa om seg sjølv, læraren med kattehistorien. Eg tippa ho er på min alder. Då kjem Oskar’n. Oskar med k,- ein ganske så grei og merksnodig katt. Han kom sjølvsagt ikkje aleine,- men slapp like godt ei lys levande mus i frå seg midt på stovegolvet.

 

”Ta no den musa, ta ho, drep ho”,- skrik eg til han. Men han berre let ho gå, for så å prøva å få tak i ho. Riktig så leiken er han, drittkatten, nett no. Så tek han tak i ho og eg høyre ho skrik. ”Slepp musa”, skrik eg no. ”Ikkje rør”,- og løftar han vekk.

 

Sånn går det. Eg høyre meg sjølv produsera og utbasunera eit hav av lydar eg aldri har høyrd før.

 

Så kjem eg på favoritthistorien til pappen. Den me har ledd av så me har tissa på oss meir enn ein gong. Den gongen pappen hadde kjøpt ei opptrekkmus. Han hadde gjort det fordi han hadde ei tante som var så levande redd for mus.

Ein dag tanta var på besøk hos far til pappen, min bestefar, la han seg på lur med denne opptrekkmusa og sende ho over golvet,- midt mellom beina på tante. Ho steig hysterisk opp på skammelen ho sat på, og skreik ”drep ho, drep ho”.

 

Eg trur eg må være i slekt med tanta til pappen. Berre det at min variant var nokså ambivalent. I den eine augneblinken ber eg Oskar’n om å drepa,- for i den neste å hiva katten vegg i mellom for at eg skulle redda ho.

 

Så,- midt i denne seansen ringer det på døra. Tenk om det er skadedyrskontroll eller noko tenker eg, medan eg svett og oppriven ser inn i augene til ein eldre mann som vil snakka om Jesus. ”Jesus, sei eg…eg leita etter ei mus. Eg har mus!!”

”Jajajaja”,- svara han like blid, og sei: ”du kan no lesa denne her. Så legg han ei brosjyre i frå seg.

 

 MusejegerenMusefangaren, trudde han.

Ny jakt, no med hjelp av nabokatten Oskar og. Korleis i alledagar skulle eg gå fram. Tilslutt forvillar den stakkars vetaskremte litle skapningen seg ned i kjellertrappa ( eg bur i eit hus utan dørstokkar).

 

Sidan ho var så grådig liten klarte ho jo ikkje trappene. Dump, iikk, dump, hviiiin, veksla vi på, musa og eg.

 

Men på nest nederste trinnet klarte eg å slenga over ho den vesle hånduken eg hadde bevæpna meg med, fekk tak og sprang ut med ho, medan eg kjente og høyrde …ei mus mellom fingrane mine. Ei levande mus.

 

Forsiktig slepp eg ho ned og ho fer litt forvirra avgarde. Eg trur ho smilte bittelittegrann.

 

Og til Oskar’ane: Aldri meir ein levande ”katt og mus” leik heime hos oss. I alle fall ikkje med ein Jehovas vitne mann på trappa.

 

 

Skuleguten!

Skuleguten ! 

3 kommentarer

  1. Sol

    Flott gutt !

  2. Hei.
    Det er lenge siden jeg har lest og kommentert bloggen nå. Men nå er jeg oppdatert igjen. Jeg liker vekslingen din i temaer og gleder meg til å følge deg videre.

    • Tusen takk, kjekt at du er der. Det går litt trått med meg for tiden, men plutselig så er jeg der igjen,- håper jeg. Ha en strålende dag!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: