
«Ho får til det ho vil», men er det godt nok?
”Ho får til det ho vil få til ho”, var eit svar på eit spørsmål ein gong. Eit sprøsmål som blei retta til meg, men eg ikkja hadde svar på.
Eg hadde ikkje svar, men nokon hadde.
”Alle dei borna, og alle dei skulane også arbeide i tillegg, eg måtte væra veldig flink”, sa den andre.
For, det måtte vel fort bli for mykje for meg ?
Så,- ”ho får til det ho vil få til”.
Eg trur det var meint positivt. Vil eg, så kan eg.
Det er viljen.
Det er berre noko ein vel.
Eg vil gjerne tru at det skulle væra positivt.
For meg blei det ikkje positivt.
Eg kunne ikkje berre velga. Eg var styrt av noko som ikkje viljen var i stand til å påverka. Eg visste ikkje eingong kva det var. Berre det at eg måtte væra i ein travelhet som døyvde indre uro.
Springa i frå alt det andre, det eg ikkje ein gong skjøna kva var..
Eg får til det eg vil få til, blei det sagt.
Dei kunne ikkje vite.
Eg fekk ikkje til anna enn å være travel.
Tankar som blei alt for travle og farlige for sjølve livet, trur eg.
Eg fekk det jo ikkje til, eller gjorde eg det?
- Publisert i: LIVET
- Tagget:å få til, godt nok, vilje, vond vilje
Derfor trenger du » fritimer og pusterom» nå…. 🌾😌 klem
ja…tror jeg gjør det.nå…..