
Fanget av mitt eget tankekaos.
Heldige meg har fått nytt terrassegolv. Type ”møre royal”, brunt og fint. Kan heilt opplagt nyttas som dansegolv dersom behovet melder seg.
Ein ny grill, type Weber, kom også på plass ute på terrassen i går. Ein sånn gassgrill som vi aldri skulle ha. Men no står han der, denne supergrillen. Eg er litt usikker på når vi vel å testa ut dette nye vidunderet med å legge oppå nokre pølser eller liknande når gassen er kobla til, og grillen er varm. Eller om han er så fin og flott at han ordnar alt sjølv?
Dette flatpakka vidunderet som måtte skruast saman etter ei oppskrift eg neppe hadde klart å tolka med mine kaotiske tankar. Eg slapp gjera det også, fordi andre tok den oppgåva på seg. Takkar for det.
Uansett så regner det no. Stundom gjer det det her i Bergen. Stundom regner det til og med veldig lenge om gongen. Korleis det vert denne gongen, er ikkje så lett å vite. Regnværet lever ofte sitt eige liv. Men værmeldinga sei ”sol” i morgon,- så kanskje…
Det prøver eg og,- leva mitt eige liv. Ikkje berre med regnværsdagar, men også med sol og varme. Men eg er stressa. Veldig stressa. Eg les om kortisol og alt stresset som aukar kortisolnivået og som igjen gjer at mageflesket får tak. Godt tak. Det hjelper meg også til å trøstespise. Når kortisolnivået er høgt, er det dei raske karbohydratane som gjeld. Dei er det lettast å putta i seg også. Slik er det berre. Og kiloa knip seg fast, grådig fast. Slik er det også. Eg lovar deg og alle andre at sjølvbiletet ikkje tek seg noko betre ut som følge av dette.
”Kvifor er du stressa no? ”spørsmålet får meg til å fyra direkte frå amygdale. Det er ein kjempetriggar. Det er mange triggarar. Eg møter nokre av dei kvar einaste dag, og dei kjenner så definitivt ikkje si besøkelsestid. Triggarane gjer gjerne ikkje det.
Det er mykje som rører fortida. Det er vanskeleg med sommar og ferie. Spesielt er det vanskeleg no, fordi eg ikkje veit kva som kjem til hausten. Eg er ikkje frampå, men bakpå med tanke på det å vite noko om det som kjem.
Det er også vanskeleg når sommarnorge stansar opp og alt og alle strålar av den lykkerusen som ein gjerne trur på ein augneblink, for i den neste å tenka at så fint at dei har det slik nett no då. Kvardagen kjem nok til dei og. Så får samvitet eit slag for baugen, fordi kanskje alle andre har det så fint? Eg er så grådig lettlurt, trur at alt anna enn det som er i meg skin som gull.
Eg har det jo fint eg og, med nydelege barneborn, dansegolv og webergrill.