Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Veddemålet

Me hadde eit veddemål.
Dersom du vurdere å ta den turbo’en i badeland, skal eg prøva å våga å ta den store rutsjebana. Den som går grådig fort.
Så står du der, ser på meg med eit smil som får dei fine smilekoppane dine så tydeleg fram og seier, “eg klarte det”. “Eg tok turboen”.

Eg kunne feiga ut å sei at eg ikkje turde, men so kjende eg litt på den følelsen av at det hadde vore kjekt å meistra.

“Ok” , sa eg, “du først og eg etter”.

Når eg endeleg hadde kome meg opp vindeltrappa til starten på sklia var det kø. Der sto eg, gamal og tjukk, saman med ei rekke unge jenter og gutar. Dei gledde seg, og eg kjende på nokre svære, digre og lite samarbeidsvillige sommarfuglar i magen.
Eg kunne fortsatt trekka meg, men eg sto fint og venta på min tur.

Sjølvsagt kunne ikkje eg gjera slik som alle dei andre, hoppa ned på sklia, og elegant svisja nedover. Eg måtte setta meg ned, plassere rompa beint på sklia og førebu meg mentalt, – og så kom det grøne lyset.

Eg hadde lese på plakaten som viste med bilete korleis eg skulle sitta, at dersom eg ikkje låg bakover så ville farten bli mindre. Men korleis i alledagar kunne nokon klare å sitte oppreist inne i dette svarte våte røret som drog deg i ein sjuk fart nedover? Jo meir eg prøvde å reisa meg , jo flatare blei eg og fortare gjekk det ( har eg forstått etterpå).
Eg blunda igjen og let det stå til. Så kom den fyrste svingen og eg var sikker på at no dør eg. Så tenkte eg at ja ja, så får det no berre være . Eg kunne uansett ikkje rope på nokon, eller stoppe, eller koma meg oppigjen. Her var det berre eit så gjald, koma seg ut gjennom holet i botnen. Nokon lunde heilskinna.

I eit tiendedels av eit sekund tenkte eg at drit og dra, la det berre væra det som er. Flyt med bølga, så kanskje det går greit.

I det eg skimta eit lys, blunda eg nok ein gong og greip tak om nasen min. Greip er rette ordet, for kloremerka både oppå og på sida viser tydelege spor.

Når eg endeleg kom til overflata igjen, høyrde eg applaus frå tre tilskodarar som peikar på tavla som viser tida og jublar.
10.78 sek hadde jomfruturen min i ei vatnrutsjebane teke. Hadde dei sagt 10 minuttar så hadde eg heilt sikkert trudd på dei. Det kunne følast slik. Hostande og harkande etter å ha slukt halve bassenget spør dei meg om eg blir med ein tur til, no sidan eg veit korleis det er.
“Aldri i livet “, svara eg. Aldri ein gong til.

Eit “please” frå han med smilekoppane fekk meg imidlertid til å sei, ok då. Eg er med.
Og det gjekk mykje bedre.
Mest som eg kunne fortsett og fortsett, hadde det ikkje vore for køen på toppen av vindeltrappa.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: