Det passar liksom aldri…
Uforutsatte ting. Desse trolla som trugar overalt, som poppar opp som ein bompibjørn når du minst forventer det, i alle fall minst ynskjer det. Eg tenkjer også på oss som ikkje har ei sarepta krukke med pengar som vi kan fylle opp kontoen med, slik at vi kan kjøpe tenester i hytt og dynevær. Då kan det verta dobbelt og trippelt opp med ting som ikkje passar. Ofte er det slik.
Som at vaskemaskina ryk samtidig med at bilen treng overhaling. Da piplar gjerne svetten om straumrekninga kjem samstundes.
Eller at dei fire vekene du har ferie, så ausar regnet ned kvar einaste dag. Det kan endeleg godt væra slikt vær fire veker i strekk her på vestlandet. I alle fall midt på sommaren, og spesielt når det er slik at du ikkje kan velge ferie når sola skin.
Å verta sjuk er vel ein slik klassisk ting som aldri passar, og den trur eg gjeld for oss alle, enten vi høyrer til kategorien kong Salomon eller Jørgen hattemaker. Det er vel aldri så mykje som burde eller skulle eller til og med må gjerast, som når kroppen ikkje vil spela på lag.
Når feberen herjar kroppen, og huset skulle vore måla, fordi sola skin og du må gjera det sjølv. Sjølvsagt er det ikkje noko problem å utsetta dette, det er berre det at då er kanskje regnværsdagane komne. Og dei kan vare,- lenge.
Eg har det slik no. Ein slik følelse av at dette passar berre ikkje.
Eg skal være borte ei veke. Ei veke eg gruar meg til på mange måtar, fordi mykje er så uoversikteleg for meg. Ei veke der terrassen burde blitt laga ferdig, men som lyt vente til etter pinse, fordi eg ikkje er heime. Den lyt vente fordi det er så mange andre ting som treng gjerast før neste helg, slik at snikrearbeid rundt heile huset no, det passar rett og slett ikkje.
Og tankane har så mange ulike fokus at dei stoppar nett før dei kjem til overflata. Det er vel det som kallast for ei oppleving av lett kaos. Den eine tanken fangar den halvferdige neste, og slik fortset dei.
Datoen 7.juni med fest og selskap er bestemt for lenge sidan. At eg skulle være borte denne veka i forvegen har eg vist om ein månadstid no. Kalkuleringa som inneheld faktorar av fint vær, tid, sunnhet/friskhet, ”klare alt sjølv” syndromet, gode dagar og heilt sikkert mange fleire ting, har slått feil.
”Du kan jo spørre nokon om hjelp”, høyrde eg. Eg kunne sjølvsagt det, om eg turde sleppa nokon inn.
Og,- ”dette klara du Rønnaug!” Jaudå, eg gjer nok det. Eg vil jo så gjerne det.
Men dukar er på plass, lys og serviettar. Menyen er nesten klar, og terrassen har fått to store golvtepper som ein ørliten kompromiss.
Eg reiser avgarde i morgon , og øvelet kaoset til bautaen. Det betyr at eg treng førebu meg på å svelga ein del kamelar og eg treng våge la humla suse litt meir enn eg eigentleg er villig til.
Slik vert det.
Slik vert det denne gongen også.
La humla suse….
- Publisert i: BEHANDLING ♦ Uncategorized
- Tagget:behandling, bompibjørn, kompleks PTSD, kompromiss, la humla suse, svelge kameler
Bautaen fikser nok det som fikses bør. Så legg kontrollbehovet i lomma hans før du drar på uka di, ingen grunn til å dra det med seg. Resten går det an å se som deler av et hele, ikke kun en diger dynge av plikter og gjøremål. Og det betyr ikke at jeg tror det er lett å gjøre det, men at det er mulig.:)
Ha en fin dag.:)
Bjørn