Må eg henga igjen det eg veit på knaggen utfor døra di ? Eller kan eg ta det med inn?
Du veit så mykje, –
det kan væra utfordrande.
Utfordrande, undras eg?
Fordi eg så gjerne ynskjer å forstå, og difor stiller spørsmål?
Det er vondt å ikkje bli forstått. At eg ikkje er trygg nok til å skjøna
at du vel å gå denne vegen saman med meg. For kven kan eg lita på vil det?
Eg kan ikkje klara det aleine.
Alle treng nokon som er der også når det er vondt og vanskeleg.
Mitt i krisa.
Kanskje nett då, nå eg sjølv tenker at eg fortjener det minst? Utan at ein treng skamme seg over det som er.
Men tempoet framover må væra mitt. Er det ikkje det, så spring eg i frå alt, og må starte på nytt igjen.
Eg har ikkje tid til det.
Eg prøve alt eg kan å tenka rett. Tenka slik dei andre vil eg skal tenka. Det går som oftast greit, men stundom får eg det ikkje til.
Det er gjerne når det er barnet i meg som er mottakaren av orda som kjem. Ho skjønar ikkje alt like godt.
Men etterpå, så skjønar eg. Eg skjønar også at eg treng væra i mine eigne tankar, ikkje alle andre sine.
Eg blir redd,- når dei andre sei at eg veit så mykje.
Fordi når eg føler meg liten og redd,
– ja då kjenner eg det annleis.
Han kan ikkje halde inne lengre…
- Publisert i: Uncategorized
- Tagget:kompleks PTSD, kunnskap, terapi, tillit
Klem til den store Rønnaug, og den lille …. ❤
fra den store, og den lille Sol, håper jeg:) Klem til «dere» også!
Hvert ord du bruker til å sette ord på det du gjør er en bevegelse. Og den bevegelsen vil fortsette og fortsette. For det er bevegelse du er. Ikke utgangspunktet eller brytingen av en målsnor.
Å begynne å sette ord på ting er vanskelig. Å stille spørsmål er vanskelig. Å takle svarene er vanskelig. Men det er ikke umulig.
Et lite dikt jeg skrev en gang, som ikke gjelder på samme måte for meg lenger:
SLANGEMENNESKE
han strakk seg
og strakk seg
tøyde
bendte
til han en dag
så inn i sitt eget blikk
i den stillingen låste det seg
***
Ha en fin dag.:)
Bjørn
takk, det er helt sant. Så mye/ mange erkjennelse/r.