Å være kronisk traumepasient, ei utfordring i møte med hjelparane ein så sårt treng er der. Eg avlyse den timen i neste veke eg.
Krise,-
så litt fred.
Ny krise,-
som varer litt lengre enn sist.
Så litt fred.
Det er ikkje lurt å ta viktige avgjersler når det er ”krig” i tankane, har eg lært.
Vent til fredstid.
Krisa tek tak ,- igjen.
Og slik går no dagane, medan krisa denne gongen tek litt betre tak i meg.
Eg prøver å formidle til den eg trur kan gje støtte,- Hjelparen min.
Fyrst sei eg det med orda mine, men høyre han det eg sei?
Så skrive eg det, og ber han lese.
Men les han?
Så skriv eg igjen, like redd som alltid når krisa har teke tak. Då vert det gjerne litt kryptisk det eg set ned på papiret.
Ein gong til skrive eg, då sei han til meg i ein sms at han tek kontakt. Tid og klokkeslett står i meldinga eg får.
Eg slepp vel nett ikkje skuldrene ned, dei heng høgt opp under øyrene, fordi eg tenker at no får eg kjeft igjen. Nokon er gjerne sinte på meg som ikkje får til dette livet. Eit ”lite barn” tenkjer gjerne det.
Men han ringer ikkje, fordi han gløymer meg.
Han gløymer meg medan eg er i ei stor livskrise og samstundes driv å leiter etter tillit, og trur eg driv å bygger allianser.
Så sei eg det til han, at eg stussa. At dette med tillit er vanskeleg.Det er gjerne det for oss som slit med kompleks PTSD.
Trass dette, sjølv om eg opplever at det er krig rundt meg, så treng eg bestemme om eg har nok tillit. Han avkrev meg for ei tillitserklæring, medan eg i mi vesle verd er i krig med fienden. Med alle dei der ute som eg trur vil meg vondt. Det er mange.
Fyrst sei han at slike avgjerder ikkje bør takast i krigstid. Viktige avgjersler treng fredstid.
Men eg( som jo er meg) må likevel sei noko om det,- no. Nett no, eller i alle fall før neste time som er i neste veke.
Eg syns det er urettferdig å avkreve meg for eit slikt svar, ei tillitserklæring , nett no når det ”krigar” rundt meg på alle kantar . Han ber meg ta ei viktig avgjersle når ikkje ei einaste avgjersle bør takast.
Kvifor blir det slik?
Då kan eg berre sei ein einaste ting eg, fordi eg kan ikkje lova nokon at eg har tillit, når eg ikkje eingong stolar på meg sjølv. Det kan vel ikkje være så rart å tenke seg til kva svaret mitt blir. No når eg treng ”bestemma” meg? Og det slår hardt i «solar plexus» når eg endå ein gong registrerer at ”du” som hjelpar alltid er i ein ”one-up” posisjon. Eg er taparen.
Eg sa kva eg tenkte, og det blei feil.
Eg trudde det handla om å bygge allianser. Skape tillit.
Sånn kan også terapi verta.
Eg treng ikkje den timen i neste veke.
Kor e tilliten?
- Publisert i: BEHANDLING ♦ DEPRESJON ♦ PTSD ♦ Uncategorized
- Tagget:allianse, behandler/ behandling, kompleks PTSD, terapeut, tillit
Det knyter seg i meg, jeg blir oppgitt og så sint når jeg leser dette. Hjelperuforstand kaller jeg dette.
Og så sender jeg deg varme tanker og en klem –