Snakka seg sjølv ned, er det greit nok liksom?
Eg har ein særs velutvikla evne til å oppfatta ting som blir sagt på ein måte som lar meg bekrefta for meg sjølv eigen verdi. Ein verdi eg er på leit etter stadig vekk, og som er grådig vanskelig å finna. Det vil sei, det er vel nett det han ikkje er. Vanskelig å finna altså. Det er berre det at eg ikkje finn den rette verdien, trur eg. Eller er det nett det eg gjer?
Slik heldt eg på i tankane mine, og ein av delane i meg vinn stadig vekk denne kampen på søk etter kva som er den rette verdien for meg som menneske.
Eg let være å skrive noko meir om denne verdiens forteikn, om det står eit pluss eller eit minus framføre. Mulig det er best slik. Å stoppa mens leiken er god, på ein måte.
”No snakkar du deg sjølv ned igjen”, kan terapeuten min sei. Eg oppdagar det nokre gonger, men slett ikkje alltid. Eg kan til og med oppdaga at tanken min snakkar meg ned, medan orda eg uttrykkjer er positive. Eg kan språket, trur eg, men blir likevel fanga nokre gonger. Eg vil jo så gjerne væra flink. Klare det som er forventa av meg i terapirommet. Væra snill mot meg sjølv.
Det burde vore så såre enkelt. Dette meisterstykket i å væra snill mot seg sjølve. Slutte med sjølvmobbinga. For det er jo faktisk det det er. Vi som snakkar oss sjølv ned, mobbar oss sjølve. Og korleis kan vi godta det? Korleis kan det være slik at det er greit nok det, medan rettferdssansen vår er stor når det gjeld nedsnakking av andre? Mobbing er ikkje akseptabelt. Det er opplest og vedtatt. Berre ikkje mot oss sjølve,- eller?
Kvifor mobbar vi då oss sjølve?
Eg veit litt. Litt om mi eige nedsnakking. Eg veit at i mi indre verd forventar eg, destruktivt nok, heile tida på døme på at eg ikkje strekk til. Slik har det vorte av ulike og slitsame årsaker.
”Counting blesses” på ein destruktiv måte, om du skjønar, har vorte ein overlevelsestrategi. Det er i alle høve det den vesle jenta i meg har trudd det har vore. I dag veit eg at ho har feil, medan eg øver på å få ho til å forstå at ho tek feil. Det gjeld ikkje lengre det ho trur. Den vesle jenta i meg.
Og til sjuande og sist, så handlar det om tillit. Det at eg som den eg er klarer å stola på den andre. At han eller ho vil meg vel. Frykten for å verta avvist. Ikkje væra god nok gjer at eg vel å tolka, slik at eg sjølv kan avvisa , fordi då slepp eg å bli avvist. Denne frykten som så lett utviklar seg til å verta ein sosial angst. Best å grave seg ned i si eiga velse grotte, der ingen forventar noko av deg og du ikkje treng forventa nok av deg sjølv heller.
Det blir viktig for meg å sei noko om at dette ikkje er eit innlegg der eg snakkar meg sjølv ned. Snarare tvert imot. Eg vel å sette ord på noko som er sårt og vanskelig. Fordi eg trur det kan hjelpa meg til betre å skjøna.
Og sist men ikkje minst, eg trur ikkje eg er den einaste i verda som har det på denne måten. Eg trur vi er mange som treng bli minna på at vi er verdfulle kun i krafta av at vi er dei vi er.
Kva med å visa det for einannan?
Kva med å væra den fyrste?
«Tungt arbeid, men eg er då på veg opp!!!»
- Publisert i: Uncategorized
- Tagget:egenverdi, jantelova, mobbing, nedsnakking
Du er ikkje den einaste,nei….
Jeg slites hele tiden i dette : henger og dingler i en pendel som stadig svinger.
Innimellom klarer jeg å se at jeg er ok i noen settinger. Jeg får til og med bekreftelse på gode dager 🙂
– – men så sniker dette » skyggedyret » seg inn igjen og tygger i seg enda en bit av energien min. Og så synker jeg litt sammen – – igjen.
Men jeg har ikke gitt opp, jeg prøver å samle på de gode glimtene sånn at ryggsekken etter hvert skal bli litt mer balansert….
Savner deg ! 😉 klem
Vi er mange! savner deg også!
Gjenkjennelig dette, Rønnaug. Men stusset litt da jeg begynte å lese, siden du plutselig skrev på nynorsk. Måtte scrolle ned for å sjekke om du alltid hadde gjort det, men det hadde du ikke. Dyktig du som behersker to språkdrakter:)
Ha en fin dag.:)
Bjørn
takk;)
Ja, dette kjenner jeg også igjen. Og noen enkel kur har jeg dessverre ikke. Tror mye kan repareres over tid med at vi blir oppmerksomme på hva vi gjør. Sammen med å bli klar over mekanismene som i sin tid satte dette i gang. Dette er jo ikke villet, men påført av andre. Som hovedregel,