I dag er det 30 år sidan Solveig døde…
roennaugrevheim ♦ 18. mai 2014 ♦ Legg igjen en kommentar
Det er ingen ord som er store nok,
som lagar nok lyd,
eller som uttykker nok smerte.
Det er ikkje råd å finna dei orda som eg leiter etter.
Stundom tenker eg at det kanskje ville vore lettare då,-
men eg er usikker.
Ein, to, tre,-
Fyrste veg til høgre,
dump… så er det slutt.
Heilt mørkt,- og heilt slutt.
Kjære vesle jenta mi.
I dag er det 30 år sidan livet ditt brått og brutalt blei teke i frå deg.
Eg var der med deg, likevel veit eg ikkje kva som hende.
Det maktar ikkje tankane mine å henta fram.
Eg veit berre det nokon har fortalt meg ,- i ettertid.
Men eg hugsar alt det vonde etterpå. Alle lukter, lyder, maktesløysa, tårer, og alle dei som sa dei visste korleis det var å mista eit barn. Korleis kunne dei vite?
Fortsatt leiter eg etter orda.
Dei eg treng for å skjøne,-
at det var slik det skulle bli.
«Forglemmegei»
- Publisert i: Uncategorized
- Tagget:barn som dør, sorg