Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Eg heia på katten!

 ”Det sku bo folk i husan

Husan e som folk

Folk treng hus og hus treng folk

I all si tid”(Kari Bremnes)

 

 

Nabohuset vårt har stått tomt,- lenge.

Det har vore til sals, men prisen har truleg vore for høg. Det er ikkje så attraktivt å bu i Ytre Arna trur eg, iallefall ikkje for dei som har mest pengar.

Eg trur dei trong mykje pengar for å kjøpe det litt eksklusive nabohuset vårt, og difor blei det ståande tomt og til sals lenge.

 

No har vi fått nye naboar.

Fyrst såg eg at det blei sett ein del store fine blå krukker på den store breie trappa som leier opp til huset. Mest av den sorten du kan kobla til Nupen og hans kunst. Vakre og blå!  Så flott tenkte eg, no kjem det folk i huset.

Så kom det møblar på terassen,- og etter det lys i vindauga.

 

«Eg trur dei nye naboane våre har flytta inn», sa eg til bautaen min.

 

Så blei det mørkt i vindauga igjen, krukkene sto der utan noko innhald og huset var tydeleg utan folk igjen.

 

Tida gjekk og tida kom for å gå igjen, og slik varte det og rakk.

 

Så ein dag høyrde eg det blei saga og hamra, og ein mann gjekk opp og ned frå framsida av huset og til baksida av huset. Det kom opp lys, og fleire små hus.

 

Kva skjer no? Kva driv dei med. Eg klarte mest ikkje styra meg så forveten var eg.

Men folk treng hus og hus treng folk…og kanskje dei har dyr?

 

Og dei hadde det, tre små hundar som står oppå kvarandre for å markera med si høgfrekvente stemme at vi ikkje treng nærma oss deira domene. Vår nye nabo vert tydeleg passa på av desse tre små hissige hundane.

I det fuglane lagar sin første lyd etter nattestilla, eller ein bil fer forbi i vegen startar hegemonien bak huset til dei som står på to, frå dei som har fire å stå på, men som berre brukar to av dei nett då, dei bak. Alle veit korleis lyden av små iltre hundar kan være. Tre iltre små hundar som hissar kvarandre opp.

 

 

Så kom påsken og vi reiste på påsketur.

Vel heime er vi dautrøtte og legg oss sånn passe seint laurdagskvelden vel vitande om at i morgon kan vi sove leeenge. Det er søndag og fri. Vekkerklokka blir sjekka grundig, at ho ikkje er aktivert. Ei slik førehandinnstilt radioklokke kan være ganske irriterande.

 

Søndag morgon blir vi vekte kl.04.35 av hanegal.

Mandag morgon gjel han kl.04.40.

 

Vi har fått ny nabo og med dei ein døgnvill hanenabo som gjel døgnet rundt. Han startar tidleg , og so held han det gåande.

Folka som skal bu i huset har eg ikkje sett, – men hanen gjel. Han gjel kvar morgon nett før det er nødvendig for oss å vakne.Og ja selvfølgelig vekker han hundane som eg ikkje er heilt sikker på om likar denne hanen.Det høyres iallefall ikkje slik ut.Han gjel nett so tidlig at vi kjenner at vi treng stå opp for å tømme blæra og såleis ikkje finn det hensiktsmessig å legge oss igjen.

 

I går såg eg ein katt på taket, nett der han berre trong ta eit byks for å nå denne hanen.Eg heia på katten. Men han turde nok ikkje, fordi eg høyre han no, denne hanen,  og han vekte oss kl.04.35 i dag også.

Bilde

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: