Jeg har det ganske bra, men……
Psykologen spør meg korleis eg har hatt det sidan sist,-
og eg svara han at eg har det ganske bra. Så bekrefta eg det eg sei med at ja, eg har faktsik gode dagar der eg kjenner at eg mestrar litt meire enn eg har gjort på lenge.
Så flott, sei han og eg kjenner eit aldri så lite ”men” på leppene mine.
Å bruke ordet ”men” kan ofte væra ein triggar for meg. I det eg sei eller tenker ”men” så ”fyre” eg av eit eller anna. Amygdale er kjapp. Kjappare enn tankane mine. Fornuftstankane. Og det er mange av desse orda, tankane, luktene, lydane også vidare som får meg til å ”fyre”. Det er fortsatt slik, men eg jobbar og tenker og blir kjent med det som trigga meg,- heile tida. Ei krevande oppgåve.
Men det er så mykje å stå i, sei eg vidare, – det er så mykje å tenke på heile tida. Og eg blir så sliten av å heile tida være der at eg skal vurdere og tenke og vurdere igjen. Det er så lite av dei gode følelsane som er kobla til autopiloten. Det er liksom ikkje plass til dei der, fordi det er der alt det andre sitt og ventar på å fyra laus.
Så kjem eg til psykomotorikaren min, og ho spør også. Eg kjenner at alle musklane mine er i ein eller annan beredskap, svara eg når ho spør.
Og eg trur det er fordi psykologen sei at når eg er klar, så trur han at vi kan begynne på den tredje fasen i behandlinga som er fobien mot minner. Vonde minner.
Eg kjenner på uro for dette. Eg har jobba så intenst i eit, to og kanskje til og med tre år for å bli stabil nok til å tåle dette som eg er tvungen til å være i dersom eg skal klare livet.
I går sa eg til psykologen at eg treng meir tid før eg kan gå i gang med neste fase. Eg treng kjenne på fleire gode dagar før eg skal gå inn i noko som eg veit vil være fryktelig vondt, vanskelig og utfordrande. Eg vil så gjerne kjenna på det gode litt lengre, slik at eg kan klare å tru på at det kan fortsetta å være slik.
Vi ventar til du er klar, svara han meg.
Eg veit at einaste veien ut er gjennom, slik Helen Keller sa, det er berre det at eg ikkje er heilt klar.
- Publisert i: Uncategorized
- Tagget:fase behandling, fobi mot traumer, kompleks PTSD, minner
Et fint og realistisk innlegg, tenker jeg 🙂
— det må være godt å kunne starte med å si at du har deg bra 😉
det er deilig. Det føles godt, men skaper på forunderligvis en følelse av usikkerhet,- som om jeg ikke helt våger tro på det. Rare greier, men godt uansett:)
Jeg tenker og kjenner igjen at den usikkerheten er en følelse som kommer etter at du har vært under sterkt trykk veldig lenge…,vanskelig å tro at bølgene har løyet..
Klem
Det er nok det:)