«Eg dikta meg ein veg», oppgåve to på skrivekurset
Fyrst vil eg dikta meg ei lita stund, kanskje berre nokre få sekund heilt frie for sut og tunge tankar.
So vil eg dikta ein time med kvile. God kvile. Den kvilen som veit korleis han kan klara å føra meg inn i ein djup og god søvn. Men berre for ei stund, slik at eg kan fortsetta å dikta vakre og gode stunder.
Eg treng også noko, eller aller best nokon å lene meg til. Ei skulder, eller ein bauta.
Kan eg klara å finna det?
Så dikta eg den vegen eg treng væra på for å finna fram til dette eg så sårt ynskjer meg av gode stunder.
Ein veg full av lyse , mjuke og gode hendingar. Der skal eg finna tusenfryd, forglemmegei og sjokolade. Latter, sang og glede.
Vil du fylgje med meg ?
Dela dette vakre med meg?
Suta kjem seg ikkje inn,på denne vegen- ikkje sorga heller.
Eg treng denne vegen, dersom eg skal klare å halda balansen forbi alle dei ujavne, glatte og sleipe sidevegane som dukkar opp utan forvarsel på denne ferda mi gjennom livet .
Eg treng drøymen om denne vakre hovudvegen , difor dikta eg han.
Kan dette væra vår veg?
Kjem du?
- Publisert i: Uncategorized
- Tagget:kvile, tusenfryd, vegen min
Hei.
Vi trenger alle å dikte litt. Selv gjør jeg det hele tiden. Med tanker, ord, leire og pensler og det jeg kan få tak i. Livet er ikke kun det vi ser, kun den veien vi har gått, det er også diktet om i morgen. For lenge siden skrev jeg noen få ord ned på et papir, det var i en periode da livet var blitt nærmest umulig å takle, veien videre nærmest umulig å gå.
LITE KJÆRLIGHETSDIKT
blomst i veikanten
lar den stå
kanskje går du her i morgen
»’
Ha en fin dag.:)
Bjørn
ja…