Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

«Eit minne», skrivekurs og første oppgave

Eit minne.

Eg treng smaka på ordet, lenge. Fleire gongar, og med gode pausar. Minne, smattar eg medan eg kan kjenna den beiske smaken.

Men eg vil så gjerne at det skal smaka av sødme og glede. Alt det gode vi stundom kan ynskje oss.

Eg vil så gjerne at det skal smaka av gode følelsar, dette som kjem rasande på netthinna, og i tankane mine når eg vel å tygga litt ekstra godt på ordet.

Forresten så treng eg ikkje tygga så veldig lenge før minna strøymer på. Det verkar som om dei gode og dei vonde sloss om å koma fyrst til minnekjøret mitt. Dei krigar ein inderleg og intens indre krig, inne i min tankeverden.

Og  desse gode, fine, lyse og mjuke minna,- dei som smakar av denne sødmen, kor vert det av dei?

Kvifor er dei så vanskelege å få tak i?

Kvifor er det slik at tilgangen på dei vonde minna alltid skal væra  først i rekke. Dei bana seg liksom veg gjennom hjernen min og festar seg på netthinna mest som det er brukt lynlim, eller borelås.

Nei, eg vil ikkje at det skal væra slik. Eg vil ikkje væra i dette vonde, så eg spring fort vidare. Vekk frå tankane mine. Vekk frå minna. Både dei gode og dei vonde. Dei sure og dei søte. Fortare fer eg, slik at eg ikkje blir henta inn av tanken min. Desse vonde tankane som tek så stor plass.  For det er alltid dei som kjem fyrst. Eg treng å koma vekk frå tankane som kjem. Einaste måten eg klarer dette på er å flykte. Eg må flykte frå meg sjølv.

Så lagar eg meg travle dagar. Ein let seg ikkje så lett fanga når ein har det så altfor travelt.

Dagar som krev av meg slik at når natta kjem så er det uråd å finne kvile. Tankane og minna slit i musklane mine som er alt for slitne frå før av. Dei tåler ikkje stort meir.

Det er vondt å være på flukt frå seg sjølv. Eg treng stoppe opp. Kjenne etter. For jo fortare eg spring, jo meir eg held på med, jo større plass tek tankane om dei tankane og minna eg ikkje ynskjer, og eg blir berre mindre og mindre. Tankane mine, desse gode som eg er på leit etter blir ein etter ein slukte, av alle dei minna eg ikkje ynskjer å ha. Eg er i ferd med å tapa meg sjølv.

Men, så er dei der. Stundom fer dei lynkjapt forbi, og eg kan ana at det kanskje kan væra råd å fanga ein av dei i det minste. Fanga ein god tanka som har med seg eit godt minne. For dei er der dei gode tankane og dei gode minna også. Dei som eg leita etter.

Nokre av desse gode minna og tankane har eg teke vare på. Eg har dei  liggande i en liten ask. Ein ask eg har bretta sjølv av papir i fine og rolege fargar. Eg veit kva som er oppi denne asken, sjølv om eg ikkje torer letta på loket. Kanskje dei gode minna er vakrare enn desse enkle symbola mine? For eg veit jo kva som er å finna opp i aksen min. Det hjelper minnet meg med.

Det er ein liten fin stein som minner meg om ein tur med gode vener.  Ein liten bit av bark frå ei bjørk, forma som eit hjarte. Denne barkebiten fann eg i skogen ein gong eg trong springa vekk.

Det er fleire små gule lappar med ord som vekkjer gode minner. Og det er ein ask i asken,- i den ligg ein vakker lys hårlokk frå den vesle jenta mi som ikkje fekk leva.

Best av alt  eg finn i asken, er den vakraste av alle vakre perler.   ”Verdighetsperla” som eg eig. Eg fekk ho på ei gudsteneste om ”håp og verdighet”. Ei perle som berre er mi og som skal minne meg om at det er håp og om mi verd som menneske.

For eg er meg, med ei fortid og ei framtid, der eg treng alt dette for å være i ei notid. Eg treng minna mine, dei gode og dei vonde.

Det er dei som gjer at eg er meg!

Bilde

6 kommentarer

  1. Vakkert skrevet 🙂

  2. Cecilie

    For noen år siden, da jeg holdt på å oppdage gamle minner som jeg helst ville sluppet å oppdage, stod det en plakat i et vindu: «Det folk som ingen fortid har, har heller ingen fremtid», sitat Henrik Ibsen (men jeg har ikke funnet det når jeg har søkt etter det seinere). Det er vel noe sant i det, ja, så lykke til med å bygge deg opp, med minner av ulike slag og en solid grunnmur til å takle hva som enn måtte komme!

    • Jeg tror jo på det da,- hvem ville jeg vært iten mine minner?

  3. Gjenkjennelige tanker dette, Rønnaug. Og godt skrevet og formidlet.:)

    Vi samler alle minner, i skrin, som foto, gamle brev eller i hodet, men det er vanskelig å skille dem fra hverandre. Selv kan jeg i tillegg ha problemer med å se de på de gode minnene, nesten som om det gir meg dårlig samvittighet å hente dem fram. Men dette gjelder kun barndomsminner. Fordi de gode minneglimtene på en måte stjeler plass fra det som var vanskelig. Og derfor er med på å minimere det vanskelige, slik at jeg begynner å tvile på alvoret i det. Kanskje også begynne å tenke tanker rundt eget ansvar og retten til egen opplevelse, type: «Det kan jo ikke ha vært SÅ ille?»

    Her er et utdrag fra en lengre tekst jeg holder på med å arbeide fram en installasjon rundt. Den handler om en voksen mann som innhentes av fortiden og mistet seg selv:

    «Alt – hver tanke, hver bevegelse og hver gjenstand jeg eier – har fått en ny mening. Har fått sin plassering i forhold til noe annet, blitt modulert, omformet ved hjelp av nye farger, papirbiter, plast. Ved å bli knust og så limt sammen igjen. Limt fast til andre ting, eller veggene.

    Fra taket henger skulpturelle remser ned mot gulvet – satt sammen av bilder, taustumper, glassbiter, mitt eget hår, negler, ting som har blitt fratatt sin opprinnelige funksjon og formet til en ny. Et nytt uttrykk, en ny fortelling. Gulvet er en labyrint av små og store gjenstander som er likeverdig avhengig av hverandre. Som står i forhold til alt. Til meg, til fargene mine, taket, veggene og tankene. Et forhold som hele tiden er under utvikling, finner nye konstellasjoner, rives fra hverandre og settes sammen igjen, men fremdeles har jeg ingenting å si, ingenting som kan åpne rom i andre. Alt jeg gjør, er et uttrykk for en følelse så ekstremt tilstede at ingenting annet lenger betyr noe.

    Jeg former den følelsen i farger og linjer. Som om den var modellkitt. Smykker den. Jeg blir en skulptur, og en del av en skulptur, slik at jeg kan se meg selv og hva jeg føler. Ikke bare innenfra, men også utenfra.»

    Ha en fin kveld.:)

    Bjørn

    • Innenfra og utenfra…det er vel det som er den store utfordringen,- iallefall for meg.
      Klem til deg!

Legg igjen en kommentar til Cecilie Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: