Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

JO FORTERE JEG GÅR, JO MINDRE ER JEG

For ikkje så alt for langt  tilbake i tid, så var eg storforbrukar av gule lappar. Desse ”post’it” lappane. Eg hadde og ein grådig stor og feit ”filofax”, der eg hadde rikeleg med ”notat”sider, i tillegg til dagsplanar, vekeplanar og årsplanar.

No har eg ingenting.  Eller ,- det er ikkje heilt sant. Eg har telefonen min som eg brukar til å legge inn ting eg treng hugse på.

Han har veldig god plass på kalenderen denne telefonen min. Det kan være fordi det er stort minne på slike smarte telefonar, men det kan også være fordi eg ikkje treng hugse på så veldig mykje. Ikkje slik livet mitt er no.

Eg  har tenkt ein del på dette i det siste. Tenkt på kor radikale endringar det har vorte i livet mitt dei siste åra. Kvardagslivet mitt.

Korleis den travle kvardagen, der det viktige var å komme fort fram sto fremst i rekkja. Klare mest mogleg på jobb. Lage den beste middagen. Ha dei kjekkaste besøka. Lese dei tjukkaste bøkene og springe dei fortaste turane. Gå på teater, ete ute, være mor, bestemor, kone, vaskehjelp, støttekontakt og dotter. Alt dette fordi eg ikkje ville at nokon skulle sjå meg , trudde eg den gong. Eller,- var det kan hende slik at eg eigentleg ville bli sett då og? Eg visste berre ikkje kva det var eg ville at dei andre skulle sjå. Eg trur eigentleg det er slik det var.

No gjer eg ingenting. Jau, litt gjer eg no og. Skjerp deg litt kjerring, sei eg litt blygt til meg sjølv no. Eg er hos behandlaren min ein time i veka og hos den psykomotoriske fysioterapeuten ein gong i veka. Eg kan love dykk alle at det er ein stor jobb. Så prøve bautaen min og eg å gå nokre turer. Det har vore greit nok å få til no sidan nyttår og mørketida som kjærkommen, fordi mørket kjem tidleg. Det blir vansklegare framover våren, fordi kveldane er i ferd med å bli lysare. Eg likar best gå ut når eg slepp treffe på nokon.

Det er berre derfor.

Lysare dagar ser eg fram mot.

Så høyrde eg noko på TV her om dagen. Eg hugsar ikkje kva program,- men det var intervju med ein forfattar som heite Kjersti Annesdatter Skomvold og skodespelar Anne Marit Jacobsen.

JO FORTERE JEG GÅR, JO MINDRE ER JEG, heiter denne boka

av Kjersti Annesdatter Skomsvold som dei snakka om i dette programmet.

Då eg høyrde tittelen tenkte eg , ja- det er slik det er. Eg kan klare å ana noko lite no, av alt eg har forsømd, eller mista for den saks skuld, med all travelheita mi. Alt som skal gjerast no, sånn like før tankerekkja faktisk er ferdig. Berre nett slik at eg er eit hestehovud før det som måtte koma, i tilfelle det kom…eller kjem kanhende.

Men berre noko lite, heldigvis. Meir ville vorte for overveldande trur eg.

Eg har ikkje lese Skomvold si bok. Ikkje enno. Berre eg finn ro nok til å lese litt så skal eg det. Eg kunne også svært gjerne tenkt meg å sjå Anne Marit Jacobsen i rolla som Mathea Martinsen, som er den tilårskomne enka denne romanen handlar om. Denne Mathea som er enke etter ein travel arbeidar som jobba alle sine dagar hos statistisk sentralbyrå. Medan han var på arbeid sat Mathea heime å strikka øyrevarmarar.

Dette er ein roman som beskriv ei modig einsend, les eg ein stad. Om redeselen for å bli sett og for å ikkje bli sett. Ei bok om Mathea sitt nådelause blikk retta mot seg sjølv og livet ho lever.

Mathea våger å møte seg sjølv på trass av at ho ikkje strekk til, vert det beskreve.

Det er noko med denne Mathea. Eg kan kjenne det, sjølv om eg ikkje kjenner ho. Einsemda. Om å bli sett , eller ikkje sett. Ambivalensen og denne intense indre krigen.

Og medan eg ventar på at eg treng “post-it” lappar og “Filofax”, så går strikkepinnane mine seg varme på votter og huer.

Iallefall det.

Bilde

Bilde

4 kommentarer

  1. Sol

    Jeg kjenner igjen mye av det du skriver… Jeg tenker også at det må være en tøff overgang for deg som har vært » ekspresstog» å bli » omplassert» til et mye roligere tempo.

    Jeg tenker at du nå beveger deg i et nytt landskap. Og derfor trenger du et annet kart ! Et annet tempo, en annen rytme. …. Sånne endringer tar tid. Og det er ikke alltid vi umiddelbart ser det vakre i et nytt og ukjent landskap. Noen ganger må vi bruke litt tid, slik at vi kan registrere nyanser i lys og skygge som kun litt TID kan gi …..

    Jeg håper vi begge kan dele noen nye opplevelser som denne endringen kan åpne opp for 🙂 jeg synes også det er uvandt å måtte » skynde meg langsomt»….

    • Og vi fortsetter med å skynde oss langsomt med vårt eget mål for øyet, det ønsker jeg meg…

  2. Jeg tror alle mennesker trenger å sette spor etter seg, men at det krever en spesielt livssituasjon for å innse det.

    Jeg har lest boka, anbefaler den videre. Er glad for at jeg leste den før jeg så intervjuet. Boka kan forstås på mange måter. Les den på din!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: