Sosiale medier og mindchanging.
I dag leste eg Arnulf Øverland til frukost. Morgonkaffien og yoghurten min sklei ned mest anføtes med dei 16 versa av Øverland sitt dikt, – ”Til en Misantrop”.
Eg kom ikkje på at eg skulle lesa dette diktet heilt av meg sjølv. Eg fekk ein aldri så liten peikepinn. Eg er ikkje sikker på om eg har lese det før heller. Kanskje tida ikkje har vore der før no? Eg hugsar ikkje om det har vore pensum nokon gong på skulen. Men eg kjende til diktet, og hadde nok tankar om innhaldet. Ein gjer vel gjerne det om ein lever i en dal av melankoli store delar av livet sitt. Misantropien kan være faretruande nær i tankane stundom.
Eg innrømme lett at eg er kjapp med å trykke på facebook ikonet på telefonen min om morgonen. Nyfiken som eg er, lurer eg alltid på om det er oppdateringar som eg treng å få med meg. Desse små raude tala som viser at det er 1, eller 5 eller fleire som har kommentert noko som du tidligare har skreve dine kommentarar på inne på ei eller anna side du er medlem av på dette sosiale mediet som facebook er.
Ei av gruppene mine på facebook heiter : ”Takknemlig og fornøyd”.
Det er alt for lenge sidan eg har posta noko på denne sida. Eg trur ikkje eg har lese det andre har posta heller. Eg har liksom ikkje vore så grådig takknemleg og fornøgd.
Trur ikkje det var den store og rådande kjensla i dag hell, men ein god klem frå ”bautaen” før han suste avgarde inn i sin arbeidsdag gjorde truleg ein skilnad.
Så las eg ei oppdatering på denne ”Takknemlig og fornøyd”, sida.
Sitat:
”Anbefaler skriving av takknemlighetsdagbok! Det er mindchanging for å si det på trøndersk!”
Då kom eg på fredagane og vekeslutt på Modum. Det fyrste vi gjorde kvar fredagsmorgon var å finne eit ord som vi kunne skrive på ein ”post-it” lapp. Eit ord som vi kunne knyta noko positivt og godt til av dei hendingane som hadde vore i veka som gjekk. Vi fekk trena på å sjå på sider av livet som gav oss energi og løft.
Det var ikkje alltid eg klarte finna dette ordet med ein gong. Stundom var det fint å få hjelp til å sjå og å hugse. Men det var alltid noko av det som eg opplevde i ”fredstid” som kunne bli til eit godt ord å ta med seg i den ”krigen” eg så ofte var i , desse månadane eg var på Modum.
Lappane la eg i ein fin liten ask eg hadde bretta sjølv. Saman med lappane ligg ”verdighetsperla” mi.
Dette blei eg minna på i dag tidleg. Denne vesle asken min var slik sett ei takksemddagbok. Eg har ikkje funne ho framatt etter at eg kom heim. Eg vonar eg finn ho. Kan hende eg treng det?
Kanskje eg også kan finne fram nokre blanke post-it lappar som eg kan skrive på?
Eg tenkte, er eg i ferd med å få ei haldning av misantropi?
Kvifor det ordet kom anar eg ikkje, men det leidde meg i retning av Arnulf Øverland og hans prosa.
Diktet er vel verdt å lese, og siste verset lyder slik:
Hver dag skal tendes som et lengselsbål
og brenne ned før nogen når sitt mål,
og alltid vil du drages mot det fjerne.
Men husk at også Jorden er en stjerne!
Alle desse knutane
- Publisert i: DEPRESJON ♦ LIVET ♦ Uncategorized
- Tagget:Modum bad, sosiale medier, takknemlighet, Til en Misantrop
Da jeg arbeidet som keramiker lagde jeg noen små hus hvor en kunne ta av taket, som et lokk på ei krukke. Og om jeg ble spurt hva husene var ment til, sa jeg at de er ment å fungere slik at om du har en god dag og kjenner på noe som gjør deg glad eller stolt eller lignende, så kan du løfte av taket på huset og legge ned den gode følelsen, og så legge taket på plass etterpå. Og så når du har en dårlig dag kan du løfte på taket igjen og hente fram følelsen. Jeg vet ikke om livet er så enkelt, men alle husene ble solgt.:)
Ha en fin dag.:)
Bjørn
Jeg fant esken min:) En god dag til deg også!