Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Allehelgenssundag…

I dag treng eg skrive litt om sorg.

Mi sorg nett no.

Det er allehelgenssundag, og eg er viss på at det er reine valfarta til kyrkjegardane rundtomkring i dag. Sola skin til og med.

Eg er ikkje på kyrkjegarden. Eg kjem ikkje til å reise dit heller, trur eg. Solveig si grav kjem nok til å stå utan levande lys i dag, trur eg.

Eg er aldri heilt sikker når eg sei at eg ikkje vil, eller ikkje skal. Det er slik det er i livet mitt fortida. Eg er alltid så usikker på om eg orkar væra der. Orka eg ikkje, så er det eit nederlag som igjen får meg til å velge å la være.

Bilde Dagen før Solveig døydde.

Det er liksom ein sorg det også. Fordi eg er så redd for å bli skuffa, så let eg heller være.

Og det har vore så mykje ”liv” den siste tida.

Kara døydde i sommar. Sidan eg var på Modum i tida etterpå, og nett no er i ferd med å landa etter det opphaldet, er det fyrst no det byrja demra for meg at ho faktisk ikkje kjem tilbake.

Eg er heime no og Kara er død. Eg vaska rundt knaggen halsbandet hennar bruka henga på i gangen i går, og blei grepe av at det jo ikkje hang der. Det er slutt, Kara er død. Berre minnene lever, om eg let dei få plass.

Bilde

Dette bilete er teke få timar før Kara døydde, den 29.juli 2013.

Ei av kattane våre måtte også dø forrige veke. Ho var veldig sjuk og veldig redd.  Bodil pusen var spesiell for meg, så eg kan kjenna det i hjarte mitt at eg er trist.

Den 21. oktober i år blei storebror min bestefar til ein vakker liten gut for fyrste gong.  Ei stor hending for foreldre og besteforeldre og ei oldemor som jo er mi mor. Same dagen blir mor mi aleine igjen i sin familie. Syster hennar og tanta mi på 100 år, døyr same dagen som mor mi blir oldemor for 6.gong.

Onsdag i denne veka får eg fyrst vite at ei av venene til dotter mi er drepen i ei trafikkulykke. Eit ungt og vakkert liv får ein brå slutt berre 28 år etter at det starta.  Same dagen blir ei av studievenane mine frå masterstudiet, enke. Hennar kjæraste over 30 år døyr stille denne dagen.

Realiteter om det skjøre livet blir så synlege.

Det er mest som hendingar som ikkje skulle vore der, har trengt seg inn i livet mitt på så alt for kort tid.

Eg veit det er livet.

Eg veit det er slik det er.

Eg veit eg ikkje treng skamma meg over sorga mi, det er berre så vondt å kjenna på ho opp i alt dette andre som er der om dagane,

og det er så vondt å vite at det ikkje har vore plass til sorg i livet mitt. Den har rett og slett vore for truande.

Det er allehelgsenssundag,  dagen då vi tek oss tid til å minnast alle dei som har merka liva våre på gode måtar, og som ikkje er med oss lengre.

Fred over alle dei gode minna!

Dei treng og ein plass.

Ein stor plass!

BildeSå tenner vi lys her heime for oss alle.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: