Dråpen, eller berre eg kanhende?
Eg jaktar
på bevis…
på at det er noko
eller kanskje nokon der
når eg snublar,
og fell.
Noko eller nokon som fangar meg,
eller som favnar meg,
slik at eg ikkje druknar i ein evighet,
eller forsvinn i djupet
av dette som eg ikkje veit kva er.
Eg gjev meg ikkje med å jakta
før eg veit,
Det kan ta tid…
eit nett, nett slik som edderkoppen lagar…
mosen vi ikkje tek oss tid til å sjå kor vakker han eigentleg er…
og som tek i mot…mjukt og forsiktig…
- Publisert i: Uncategorized
- Tagget:dråpe, tid, tillit
Ble så inspirert av ord og bilder!
Hilser med Salme 139.14-18. Herlige vakre du! Oss prinesser imellom!!! Hilsen Turid.
Tusen takk for fin og hyggelig tilbakemelding. Det går noen ganger fort når jeg skriver og legger ut ting på bloggen min, men sånn velger jeg at det kan være. Enda kjekkere da med hyggelig respons.
Prinsesseklem fra meg til deg!