Badevekta.
Ho står der ,
Så irriterande nær.
Kvar morgon tittar ho på meg, der nett under speilet. Speilet som speiler.
Liksom ho lure på om eg ikkje ser ho?
Men eg vil ikkje, vil ikkje vite, vil ikkje sjå.
Ho kan no berre stå der, smekker og fin som ho er.
Tru at eg ser, sjølv om eg ikkje vil.
Så ser eg på meg sjølv, – der inne i speilet og lurer på kva det eigentleg er eg ser?
Kroppen min? Den eg treng for å leva. For å kunne bevege meg. For å kunne vise glede. Vise sorg… eg har han, men vil ikkje sjå han hell.
Enten han er for liten eller for stor, så likar eg han ikkje. Han er like motbydeleg og vanskeleg å tole. Like lite fin. Like utfordrande.
I dag lurte ho meg til å prøve,
Eg tok eit steg opp og ho gapskratta tilbake.
Eg lika ho ikkje.
Men ho har vist seg og ledd av meg og fortalt meg enno ein gong at ho er den som er sterkast. Eg trur ho vil være det enten det blir so eller sånn.
Denne evige kampen med den fordømte badevekta.
Alt dette lindrande og gode som er så lett å putte i munnen…
- Publisert i: MAT ♦ Uncategorized
- Tagget:badevekt, lindring, mat