Fire og eit halvt år
Det vakraste som er,
må være å føle den gleda, som er så svær at tårene mest sprett.
Lykketårer.
Då vesle fine guten min plutseleg ser på meg og seier, utan at nokon har invitert han til det, medan me sit og et maten me har bestilt på ein café. Dette vesle sekundet det tek for å høyre dei vakraste av alle ord. Dei som har klang som av gull og diamantar. Dei eg tviheld fast på langt inne i hjarte mitt.
”Eg har savna deg eg, bestemor.”