Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Den første dagen i 2013 er snart over…

Tida for nyttårsforsett. Dei er svulmande og svære. Sikkert uoppnåelege tankar om alt det gode og fornuftige vi skal finne tid til i dei kommande 364 dagane av dette året, tek stor plass i vår tankeverden. Har vi ikkje draumar, så fyller vi tankane med nettopp dette, at vi ikkje vil ha noko nyttårsforsett. ( Trur eigentleg eg er i denne kategorien). Eg har alltid høyrd at det er lurt å dele slike tankar der mål skal nåast, med mange andre, jo fleire jo meir forpliktande, jo bedre vil det verte. Treningskameratar og slankeklubbar. ”Kom til oss”, ropar dei imot oss, ”her skal du få hjelp til å klare måla dine, nesten av seg sjølv, berre du set inn dei rette tiltaka”. Vi les om dei i reklame i aviser, ukeblad, på TV, brosjyrer i postkassen, spam-mail i bøttevis osv., både tiltaka og måla.
Eg trur det er viktig å ikkje gå for hardt ut, med alle desse forsetta. Å starte forsiktig er vel eit godt tips? Sjansen for å lukkas er vel vidare lettare jo færre som veit om dei, for tenk om eg ikkje klare , kva då. Vil eg orke eller klare å ikkje lukkas tein gong til? Difor fortel eg ingen om mine.
Fordi eg trur at ingen avsløre meg når eg startar frokosten med heimelaga lavkarbo knekkebrød. Intensjonen er god. Supergod. Fylte riktignok opp med rikeleg av pålegg , feit god røykelaks, då eg jo er ei skikkeleg husmor som sjeldan let mat, god mat gå til spille.
Litt seinare gjekk eg på tur. Lang tur( syns eg), rask tur( syns eg og) og merka kor fælsleg det siste året faktisk har fare med meg. Eg blei trøtt, verkeleg trøtt. Etterpå sjekke eg at data for denne turen som faktisk gav meg årsbeste på denne strekningen eg aldri har målt i km. og kacl før, har lagt seg fint inn på programmet som er å finne på denne app’en eg har lasta ned på Iphonen min, som skal hjelpe meg med å komme i mål med dette som er ein hemmelighet. Trur eg! Og sjølvsagt, alt dette heilt tilfeldig. Så blir det svineribbe til middag med kransekake og is til kaffien. Nett for å kompensere dette lavkarbo knekkebrødet.

For kor viktig er dette? ( Eg har fortsatt Per Fugelli sin artikkel ”Flokken” i friskt minne).
http://www.dagbladet.no/2012/12/22/kultur/debatt/kronikk/jul/helse/24950999/?fb_action_ids=10151169696421727&fb_action_types=og.recommends&fb_source=timeline_og&action_object_map=%7B%2210151169696421727%22%3A469466076424736%7D&action_type_map=%7B%2210151169696421727%22%3A%22og.recommends%22%7D&action_ref_map=%5B%5D
Jaudå, eg veit at fysisk aktivitet hjelper meg til betre å halde ut i det arbeidet eg treng gjera for å komme vidare i livsprosjektet mitt. Eg veit at eg trøystespis for å døyve den smerta som eg ikkje finn ut av på andre måtar. Og eg kjenner og føler med meg , og heile meg at det er så vanskeleg å finne krefter, til å gjere alt det eg bør, det andre sei er rett og klokt og som eg og veit er fornuftig. Det er berre dette ”bør/burde” ordet…

Fordi dette trur eg må være mitt forsett for 2013, at eg skal kunna finne nok ro i flokken min , til å ha ro nok til å være i nokre av dei tankerekkene eg treng være i for å klare å ete litt mindre usunn mat, drikke litt mindre vin og sukkerfri brus og vidare klare det helsemyndigheitene i landet vårt tilrår oss alle av fysisk aktivitet dagleg, nemlig ein tur på 30 minutter. Ikkje fordi ein blir supersprek av 30 minutters gange kvar dag, men fordi det gjev meg eit luftig og viktig friminutt frå alt dette andre. Eg veit det kan bli vanskeleg, difor sei eg det ikkje til nokon, lar det berre være min eigen vesle løyndom.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: