Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

I dag treng eg sukke litt…

Eg veit ikkje.

Veit ikkje korleis eg eigentlig har det.

Det er så usannsynlig slitsomt å føle seg så liten og så sårbar som kva er fakta i møtene med ”mandagsmannen” , eller psykologen, min nye terapeut.

Eg trur ikkje det er han som er årsaken til at eg føle meg liten, eg veit det ikkje er det. Det er eg, meg sjølv som ikkje klare å godta at eg er der eg er i livet mitt. At eg er der det meste går i stå. I alle fall er det slik eg forstår det.

Jamen, du gjer jo så mykje. Du strikke og laga mat og baker og går tur og…

Ja, eg gjer noko, men det er jo alt eg ikkje får gjort som er utfordringa.

Det at eg ikkje får til å forsone meg med at livet mitt har blitt slik det er i dag. At eg faktisk har putta i meg medisin og mat, samstundes som eg ikkje har orke å være ute i aktivitet slik eg likar, som har ført til at eg i dag er 20 kg. meir enn for eit år sidan. Det er nett ikkje eit utgangspunkt som gjer at eg føler meg så veldig glad i meg sjølv.

Det at eg ser livet mitt som yrkesaktiv fare avgarde. Nett no er det faktisk slik at eg ikkje kan tenke meg tanken på det å utøve eit yrke som sjukepleier. Det har vore alt for mykje vondt i møter med helsearbeidarar siste året til at eg kan klare det.

Det at eg blir så sliten, av å berre tenke…

Eg veit at tankearbeid krev ressursar og krefter, men at det skal være så krevande som det faktisk er, ja det er vanskelig å forstå.

At det skal ta så lang tid å få til endring, terapeutiske endringer, ja det er også vanskeleg å ta inn over seg.

Fordi det er så mykje anna eg ynskjer krefter til. Det å være mor, kjæreste, venn/ venninne, klare å gjera det eg treng i  huset, for å sleppa være engsteleg for om det skal komme nokon innom, uventa. At eg skulle klare å være modig nok til å møte dei som ikkje er modige nok til å møte meg. Eg treng ikkje le, late som om at det meste er bra, når det faktisk ikkje er det. Det er dessverre eit faktum at det ikkje berre er ved sorg og dødsfall ein vert klar over kven ein kan gjere rekning med er der for deg.

Og om dei inngjer til nok tillit til at eg våge stole på at dei verkeleg vil være der med meg.

Det er slitsomt.

Slitsomt å håpe at natta blir ekstra lang, slik at dagen blir kortare.

Slitsomt å engste seg for at natta skal bli lang fordi søvnen ikkje kjem.

Eg syns livet byr på fleire utfordringar enn kva eg er istand til å ta imot,

det er berre det at eg ikkje kan velge,-  og eg treng dei som er rundt meg, som er hjelparar fordi eg ikkje klare komme meg vidare heilt på eige hand.

Og det er slitsomt, det å ikkje vite,- korleis ein eigentlig har det, fordi innerts inne så veit eg vel likevel.

Men, Berlinerkransene blei trilla og steikte og dei blei truleg gode nok.

Berlinerkranser

Berlinerkranser

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: