Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Fotmassasje er ikkje alltid berre føtter.

Etter regntunge dagar på solkysten, lørdag og søndag, har vi verkeleg fått kjenne sola varme. To heile dagar på stranda og lykkelege barn og vaksne!

I dag då vi kom ned på stranda var det faktisk ingen andre  enn ei asiatisk ”masasjedame” som hadde kome før oss. ”Har du prøvd massasje?”, spør Synne. ”Nei…men har du lysst så må du jo prøve”, svara eg, og tankane mine tok seg ein rask og ganske så humoristisk tur over ”Atlanteren” til min USA tur i fjor på denne tida.

Vi var 4 damer, to norske og to amerikanske som skulle til Chinatown for å få fotmassasje. Det var i alle fall det den amerikanske og asiatiske Thienna sa.

I det vi kjører inn i Chinatown sei Thienna, eg skulle ønske det var ein «app» på GPS’en som sa at no kjøre du inn i eit farlig område. Eg kjenner meg vel eit lite augneblink noko usikker på denne massasjen, “farlig område?” Men Thienna var  litt sein til avtalen i dag tidlig fordi ho hadde vore i kirka, så dette måtte vel være ok?

Thienna leia oss inn i eit stort lokale, og med det same kom fire kinesiske menn  springande inn i same rommet og geleida oss ned i kvar vår fantastisk store lenestol. Føttene havna i varmt vatn i ein trestamp før vi fekk sukk for oss. Fotmassasjen byrja så med solide tak i hårfesteområdet.  Ohæææ, eg er faktisk litt hårsår. Men han fortsatte. Er det dette dei kallar craniemassasje? Men kva har nå det med føtter å gjere? Hovud, armar, knekk i ledd og så beina! Trykk og knip og kna og …nope..ikkje veldig godt men godt likevel.

Så blir beina  tørka og eg er klar for å stå opp av denne tilbakelente stolen. Men neida…då skal eg snu meg på magen. Solide tak,- og klasking rundt meg fortel meg at noko kjem til å skje. Før eg får sukka tre gongar (kinesaren ba meg huske å puste) så går han i gang med å klaske meg på rumpa..trykke rumpeballane oppover liksom. Det føles noko rart, ettersom det er rimelig nok å røre på akkurat der på min kropp iallefall. Som den høflige og stillferdige dama eg er let eg som ingen ting. Eg høyrde jo at dei andre også fekk på ræva.

Så var det slutt! Tips i hånda..og restroom next for me!

Vel heime etter lunsj og litt smykkeshopping ser eg på søstra mi sin nakke. Ganske unikt egentlig å få bloduttredelse i nakken av fotmassasje. Som sagt før, USA er USA and so «huge». Føtter er så definitivt ikkje berre føtter.

Fotmassasje i Houston, Texas

Så langt har vi ikkje registrert blåmerke på Synne etter  massasjen i dag 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: