Gråten, så forunderlig og vanskelig…
Den fyrste kvelden utan Solveig,
Tok eg gullhjarta hennar og hang om halsen min.

«tova» hjerter, varme,mjuke, og uendelig sterke.
Då gret eg inni meg,
Rikeleg med verdifulle tårer.
Gråten blei ein trussel for meg. Den representerte noko som var så uforutsigbart. Tap av kontroll. Kjempefarlig! Eg kunne ikkje tillate meg det å gråte. Iallefall så måtte ingen sjå, det blei for vanskeleg. At eg skulle være årsaken til at andre var triste, blei også ei utfordring.
Mange netter gjekk med til å gråte ein usynlig gråt.
Då vakne eg utslitt om morgenen, Verkeleg utsleten.
Gråten blei noko vondt og vanskeleg og etter kvar heilt uoppnåelig.
Eg trudde ikkje eit sekund på at det kunne være godt å gråte.
Det er som å leita etter noko som er forlagt.
Du veit det er der, men er ikkje i stand til å finna det,
min evige søken etter dei tårene som eingong for lenge sidan kunne kjennast
så forløysande..
Eg finn ei og anna,-
men dei smertar.
Å lengta etter gråten,
kven skulle tru at det var mulig?
Det å ikkje gråte, blir ein del av forsvaret mitt. Eit forsvar eg så sårt treng.
Å ville, eller.. ikkje ville.
Å vite, eller slett ikkje vite.
Kiva veit eg om kva som kjem?
Meistring, – kva er det?
Min sårbarhet,- eg veit ikkjie heilt om eg stolar på den.
kva om eg ikkje lenger kan stole på forsvaret mitt?
Kva blir eg då?
- Publisert i: LIVET ♦ Uncategorized
Noen ganger er redselen for sårbarheten større enn sårbarheten selv.
🙂 ja….
Ble så veldig nysgjerrig på hvem britten er?