Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

Ambivalente tider…

Eg trur eg må være superheldig, fordi eg har ein kjekk og veldig snill mann som dreg meg på tur sjølv om eg aller helst ville lagt I senga. Eg treng nok tid til å hente meg inn etter veka på Modum, eller kanskje helst ”stenge igjen”, slik eg er aller best på. Ikkje sikkert det hadde vore så mange «vondter» da, både i kropp og sjel om eg klarte late att. Men, det er jo det eg ikkje vil…

Og vi kom oss på Vardegga, ein bratt og god tur i det fine og kalde haustværet.

Bilde

Eg slit med eit kaos av tankar. Ambivalens heiter det på fint. Vil, vil ikkje, orker, orker ikkje, kan, kan ikkje også bortetter. Det kan høyres enkelt ut, er jo berre å bestemme seg. Men så er det ikkje slik likevel. Det handlar ikkje om eg vil ha den buksa, eller ei anna på meg. Det kunne sikkert vore slitsamt nok det forresten. Det handlar heller ikkje om eg vil ha okse eller fisk til middag, sjølv om det også er vanskelege valg stundom.

Det som er så vanskeleg er om eg skal våge å «dykke», våge å kjenne etter, våge å sette ord på, og våge å være i alt dette som er så slitsom og vanskelg. Stundom handlar det faktisk også om eg orker å væra i dette livet mitt som tidvis er så vondt og vanskeleg. Kan eg klare dette  som eg er I gang med, og kva om eg ikkje klarer? Så er eg der at eg klarer, for i neste sving tenke at dette går jo ikkje, det er då så mykje å ta tak i. Av og på, heile tida.

Hadde nokon sagt til meg kva ambivalens eigentleg var, hadde eg ikke forstått det trur eg. Eller, kanskje eg hadde?

Det er forresten mest som om naturen rundt meg også er I denne så ambivalente  prosessen. Er det vinter eller vår? Skal eg rotne eller stå her å henge?  Og alt dette kaoset…det er der jammen det også.

Bilde

Løvetann etter frostnetter i oktober.

Bilde

Bjørka er klar til å sette lauv, seint og kaldt i oktober dette også.

Bilde

og den gamle skogen har vondt for å bestemme seg for om han vil leve eller rotne…

Bilde

… i eit kaos av ambivalens, om enn så vakkert …

2 kommentarer

  1. Sol

    Vakkert, sterkt/mjukt innlegg. Ordene dine rører ved…. setter i gang refleksjoner og tanker.
    Løvetannbildet varmer som SOLA !!
    Heia Rønnaug 🙂

    • roennaugrevheim

      takk, godt med responsen din Sol!!!!!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: