Gode dagar på Costa del Kaland
roennaugrevheim
♦ 30. september 2012
♦ 6 kommentarer
Godaste morgon, ein vakker sommerdag på besøk hos Bente på Kaland i Vaksdal kommune

Og med Bente som skipper, legg vi ut på dagens første sigthseeing, eller ørnesafari om du vil. Tru om ho Ørnhild eller han Ørnulf vil vise seg fram i dag? Ja, for dei heiter det desse to vakre fuglane som har bygd seg ein stor einebustad på «hi sida tå fjorden».

Ser de den fantastiske tegninga i fjellveggen som naturen har skapt heilt sjølv?… men inga ørn i sikte enno

Vi må rett og slett hjelpe til med å få lokke frem den majestetiske fuglen. «Eg fiska ikkje», sei Bente, men eg, eg leike tøff ( jada) og får ut snøret. Lyr på kroken og ørnematen er sikra. Eg sei ikkje noko her på bloggen om lydane som kom ut av munnen min i prosessen med å få denne svære fisken dau nok til å handtera han enda fleire gonger fordi, Bente veit at det kan være lurt å få fisken til å flyta slik at ørna ser den (så de forstår han må væra heilt dau). Eg pumpar han full av luft med ei sprøyte og ein kanyle…vi er då helsearbeidarar begge to.

og jammen, der kom ho og fanga maten vi hadde fiske til henne. Gjett om eg var irritert over kun å ha kamera på telefonen med meg då. Kva er ein Iphone4s mot Bente sitt Nikon speilreflekskamera med vaksne linser? Fuglen er majestetisk og vakker og mykje større enn kva eg trudde, og eg lot meg fasinera og vart yr som ein unge som får lørdagsgodt på ein mandag.

Skotøyet var som alltid i orden


…og eg trengte kjøla meg ned etter den ekstatiske opplevelsen ( eg ville vel kvitta meg med litt fiskelukt også), men eg orke ikkje visa så mykje av meg sjølv ( kroppen min i iskaldt vatn) for heile verda, så eit lite bilde for halda

for som de ser er det ikkje dei heilt store badetemperaturane vi snakkar om

og snipp snapp snute, så var den sommerdagen over…
vel vitande om at dei grå dagane jo også kan være vakre om ein let inntrykket av tåka som kjem sigande få plass i minnet på same måten som soldagane.
Flott innlegg ! Er det sant det med at du pumpet luft inn med sprøyte ???
Svar ærlig til en sjelden-fiskende-ikke-helsearbeider…
Ja, vi pumpa den nydrepte fisken full i luft:)
stilig !
no leika eg meg, redigere og styre på….må jo lære dette med bilde også:)
Dette må me gjenta. Opplevelsene står i kø på Costa del…Ørn og lomvie nesten på dørstokken,bading i iskaldt vatn, ka meir kan ein ynskja?
Du er fantastisk flink å ordlegge deg, eg har ikkje den evnen så eg står helst over den biten. Stor klem
må leika meg litt og…og me hadde fantastiske dagar…