Bak fasaden – Rønnaug

Litt om livet med PTSD og hovedgjøremål behandling

CRT, ein type avansert husmortrim i Amerika…

Det var vel det det eigentleg var. Eg fekk væra med Hege på trening i Amerika der eg var på besøk hos vesle systra mi. Eg har fått NAV si godkjenning til å reise på feire, slik at eg kan friskna litt til. Det er faktisk blitt eit heilt år sidan no, hausten 2011. Apropos husmortrim, det sto ein mann bakerst i salen. Stakkars han tenkte eg først, der han hadde fritt utsyn til alle mulige fasongar av friske husmødre! Men det er vel så definitivt ikkje stakkars, Han vel da sjølv og utsikten er upåklagelig. Ein kan vel trygt sei at amerikanske forstadsfruer er ulike i form og fasong.

Hege og eg var litt seine denne dagen eg har lagt meg på minnet, og eg innrømmer at eg ei bittelita stund håpte at det ikkje var plass til oss på golvet. Men nei da, amerikanere er hjelpsomme folk, og vips sto eg der stotrande mitt i rommet.

Høg musikk, høgt tempo og raske bevegelser. Kjære vene…hva gjer eg no? Bein og armer krysser akkurat motsatt av kva den flotte instruktøren viser, og et lite blikk frå henne ut i salen der ho liksom sei til alle, «just try, you can do it…go on guys…YEEES». Eg veit kven ho såg mest på!  Sist sto eg bak ei som hadde taket på alle hoppa og dei koordinerte bevegelsane. Denne dagen er eg ikkje sikker på om den dama framfor meg er stort betre, så der var det lite hjelp å henta . Eg prøvde å kikke i speilet, eller kanskje ikkje kikke, men det er mest uråd fordi det er speil heile veien rundt. Eg blei skrekkslagen over det eg såg og senka raskt blikket. «Look at the back of the one in front of you», høyre eg … sørens kjerring, var det berre eg som ikkje klarte ?

For å gjere ein laaang time kort ,- eg hoppa der eg ikkje skulle hoppa. Snubla og reiste meg att. For når nokon ber meg om å gjere avanserte dansetrinn og kneløft med 300 i puls, ja då koblar hjernen min berre ut den. Så der sto eg no å lo. «Dette skulle vore videofilma», sa eg til Hege når timen var slutt. «Takk og pris for at han ikkje er det»,- kom det tørt i frå henne.

Bildetreningsbukse, amerikansk?

Eg sei meg vel einig, videofilming ville vore idiotisk. Takka vel for terrenget rett utanfor stovedøra mi, men vi hadde det jysla gøy då, på denne fredagstrimmenJ

Bilde

Takk til gode «bauta´en» min Tor som tek meg med på Gullfjellstoppen, med amerikabukse på men utan behov for CRT!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Krumelurebloggen

En lærerblogg om barn med stort læringspotensial (evnerike barn).

Morten mener ...

- satiriske blikk mot arbeidsliv og karriere, krydret med liv og død og krig og fred og sånt ...

husmorbloggen

En husmors bekjennelser

gamle ugle

Her vil du finne dikt om livet og sånt

Gjøkeredet

om det som er inni hodet og det som er utenfor

Melivetpaaslep

~ ME betyr ikke meg, jeg er mer enn mine begrensninger

Min egen glassengel

Et personlig skriveprosjekt der skår gjenbrukes og skaper noe nytt.

Lammelårtanker

- en storbarnmammas skråblikk på samfunn, likestilling og hverdagsliv

The Daily Post

The Art and Craft of Blogging

rosaroseblogg

Just another WordPress.com site

%d bloggere liker dette: